Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9121 artiklar i dette arkivet.


Handdukane fikk bein å gå på….

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mars 2016

Jo, Sondre og Mari frå styret i Todalen.no hadde stand på Matkroken Todalen i dag. Bodskapet var sal av dei nye handdukane med Toadalen.no-logo og andre logoeffekter, og samtidig salg av støttemedlemskap for nettsida. Dei fortel at dei nye handdukane var populær handelsvare og handelen gikk strykende utover dagen.


2. påskedag: Vi minner om…

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mars 2016

Soknerådet minner om at det er tradisjonell friluftsgudsteneste på Haugligardane 2. påskedag kl 12. Dei teks sjølvsagt vêrforbehald, men yr.no lovar i si vêrmelding at det skal bli brukbart vêr og temperatur på rundt 10 grader. Etter gudstenesta serverer Todalen ILs trimgruppe pølser og saft til alle.  Seinare på dagen er det duka til stor finale […]


Sanitetsforeninga med «loppeparty».

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. mars 2016

I dag var det råd å gjere rettelege godkjøp i Sanitetshuset. Todalen sanitetsforening prøvde ein ny vri for å få inn nokre kroner til lagskassa og arrangerte «mini-loppis».


Storviltjakta 2015

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2016

Lurar du på korleis storviltjakta gikk i 2015? No treng du ikkje det lenger. Her finn du absolutt alt du kunne tenkt å vite – og langt meir med. På Surnadal kommune si heimeside finn vi nemleg ein fyldig rapport laga av Tore Gjul i forbindelse med viltmøtet den 22. februar.


Ærverdige æresmedlemer

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. mars 2016

Hundreårsjubilanten Todalen sanitetsforening har fire æresmedlemer, nemleg Anne Moe, Olina Halle, Marit Kalseth og Lisbet Halle. Dette er fire flotte representantar for norske sanitetskvinner.


Langfredag: Bli med på «Kjerringdilten»

Jon Olav Ørsal Måndag 21. mars 2016

Langfredag inviterer Todalen IL og skihytta på Ørsalfjellet til Kjerringdilten. Kjerringdilten har lang påsketradisjon på skihytta og går på idealtid med ein flott vandrepokal som premie. Starten går kl 13.00 og hyttestyret lovar at det skal være open kiosk på hytta og Knut stiller med bakelsjarnet sitt og byr på nystekte bakels i kiosken. For å […]


Lokal påskehandel – opningstider på Matkroken

Jon Olav Ørsal Måndag 21. mars 2016

Det blir tradisjonelle opningstider for Matkroken, fortel handelsmann Nordvik i ei pressemelding. Måndag til onsdag før påske er butikken open som normalt frå 9-18. Skjærtorsdag er det kioskope frå 16-18, medan det er stengt langfredag. Påskeaften er opningstida 9-15, medan 1. påskedag er stengt. 2. påskedag er det igjen kioskope 16-18. HalsOil-stasjonen er open for kortsal heile påska


PåskeQuiz på Pakkhuset Kro

Jon Olav Ørsal Måndag 21. mars 2016

Onsdag kveld (23. mars) inviterer Pakkhuset Kro på Todalsøra til open pub og påskequiz.  Puben er open frå klokka 20 og utover, og påskequizen startar kl 21 og utover. Stikk innom og treff gamle kjente i triveleg lag, oppfordrar Pakkhuset Kro.    


Månadens bilete: Vinterstemning

Mari B. Redalen Sundag 20. mars 2016

  Vi gratulerer Kristine Saksen Ulvund med vinnarbilete av månadens bilete for februar. Premien vil bli overbragt ved første anledning. Redaksjonen takker for alle bileter vi får, og har alltids behov for nye blinkskudd.


Folkemøter om kommunereforma

Jon Olav Ørsal Fredag 18. mars 2016

Det arbeides jamnt og trutt med kommunerefora. I media kan vi lese referat frå møter og forhandlingar om intensjonsavtalar og forskjellige alternativ som blir lansert og debattert. No er tida komen for å informere «grasrota» om det arbeidet som er gjort og kva som skal skje vidare – mellom anna folkeavstemming. Surnadal kommune inviterer difor til 5 folkemøter rundt i kretsane – dei startar i Bæverfjorden tysdag 29. mars og rundar av i Øvre Surnadal tysdag 5. april. I Todalen blir det folkemøte onsdag 30. mars kl 19.30 i Todalen oppvekstsenter.


Fristar med påskesalg….

Jon Olav Ørsal Fredag 18. mars 2016

Kårvatn Fjellutstyr  fristar med påskesal no fram mot påske.  Det går mot tampen av sesongen, og vi skal etterkvart på plass varer for sommarsesongen, seier dagleg leiar på Kårvatn Fjellutstyr Laila Kvendset Bergli.  Laila nemner både skredsøkarar frå 1900 kr, utvalde ski – 60%, Sir Joseph vinterjakkar 15/16-modellar -40%, utvalde dunposar frå Sir Joseph – 40%, […]


Fasteaksjonen med bra resultat

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. mars 2016

Tema for fasteaksjonen i år var «I kriser er vatn viktig!» Konfirmantane er ryggrada i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, og tysdag kveld tok dei runden rundt bygda saman med medlemane i soknerådet. Knappe 10.000 kroner vart resultatet av aksjonen, og det er vi veldig godt nøgd med, seier KN-kontakt Ildri Øyen som fortel at innsamlingsgjengen vart godt mottekne i alle heimar rundt bygda.