Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med pensjonistlaget på busstur….

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. mai 2016

Denne dagen gikk turen til Kårøyan – ikkje til fots, men pr buss. Kårøyan ligg i Hemne komune og er ein del av KNTs fjordrute og har såleis kvarteravtale med KNT, men det er altså bilveg dit. Vertskapet diska opp med traktering til Stavganggruppa da dei kom dit, samtidig som dei fekk høyre litt om historia til Kårøyan og livet på fjellgarden.

Tannlegetonga - den bør ikkje visat fram til sarte sjeler med tannlegeskrekk. Foto: Sigrun Ørsal

Tannlegetonga – den bør nok ikkje visat fram til sarte sjeler med tannlegeskrekk. Foto: Sigrun Ørsal

Mellom historiene var den om ei heimlaga tannlegetong.
Mannen som kjøpte Kårøyan, truleg ein gong på 1800-talet, var utdanna smed og verktymakar; og på den avsidesliggjande garden måtte dei greia seg sjølv som best dei kunne. Så når ein av dei som arbeidde på garden fekk dundrande tannverk, drog smeden ned i smia og laga denne tonga – og tanna kom ut.

 

Kårøyan kart

Kart over området rundt Kårøyan og deler av Fjordruta til KNT.

Kårøyan var det første overnattingsstedet på Fjordruta. Det er et utmerket utgangspunkt for turer vestover på Fjordruta. Kvarteret er en del av et gardsanlegg i drift. Det har stor peisestue i gammel stil.
Nedafor har vi lagt ut bildeglimt frå turen til Kårøyann. Alle foto: Sigrun Ørsal

Først publisert: 26. mai 2016, 21:41 - Sist oppdatert: 28. mai 2016, 07:55