Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No kjem sommarvêret…

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. mai 2016

Vêrvarselet den næraste 10-dagersperioden likar vi godt! No kjem sommartemperaturane viser vêrprognosane på yr.no, som viser fram 20-talet på enkelte av dagtemperaturane. Heile 10-dagersperioden er utan nedbør, sjølv om prognosane er mest usikre i slutten av perioden.

Vi går iallfall mot ei helg der det går an å planlegge uteliv, enten du skal drive med hagearbeid, vil ut på tur eller berre slappe av med noko godt på grillen. Her finn du vêrprognosane på yr.no både for dei næraste timane og 10-dagersvarsel for Todalen.

Publisert: 25. mai 2016, 08:56