NBU’s landsstemne i Surnadal er i full gang….
Tysdag opna årets landsstemne i Norgers Bygdeungdomslag i Surnadal – eit stort område ved og rundt travbanen er arena for arrangementet, der Surnadal Bygdeungdomslag er vertskap for tusenvis av landsstemne deltarar frå heile landet. Her er det full rulle frå tysdag kveld og til avsluttninga natt til søndag 24. juli. NBU’s 71. årsmøte tjuvstarta alt måndag kveld i idrettshallen der Thora Voll Dombu frå Meldal var valt til ny leiar for Norges Bygdeungdomslag. Tidlegare leiar i NBU, Nils Håvard Øyåa og kona Karin Åsbø har begge vore aktive i NBU og inviterte alle fylkesleiarane heim til terrassen på Nordvik, der vi fikk helse på dei.