Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bokpresentasjon på Sjøbruksmuseet: «Dagbok 1827 – 1838»

Dordi Jorunn Halle Måndag 5. september 2016

Arrangementet ved Bøfjorden sjøbruksmuseum søndag hadde temaet: «Roser og musikk». Der fekk publikum eit interessant møte med ei ny og spennande bok av Jacob Christian Tokle: «Dagbok 1827 -1838 med et vikingeeventyr». Boka kjem i serien «Kildeskrifter fra Nordmøres historie» og er utgjeve av Normøre historielag og Nordmøre museum.

IMG_9194

Kiste med rosemåling av Jacob Christian Tokle. Bilete frå boka.

Forfattaren av boka er Jacob Christian Tokle (1779 – 1858) som budde i Austigard i Stangvik. Han tok over heimgarden i 1831, og hadde før den tid tent gode pengar på handel av ulike gardpartar i nabolaget. Han blir kalla «proprietær til Stangvig», og pengane brukte han til å eksperimentere med hagebruk og fruktdyrking, men utan å få til lønsam drift. Jakob Tokle var ein utradisjonell mann. I tillegg til gardsdrift og hagebruk var han ein anerkjent kiste- og rosemålar, han var ordførar, hjelpevaksinatør, han feira 17. mai alt i 1838 og han tok seg av funksjonshemma og fosterbarn.

Boka til Tokle vart presentert av Katarina Wedelsbäck Bladh som er planteansvarleg i Svinviks arboret. Ho presenterer boka slik: «Jacob Tokles «Have-Journal 1827-1838″ er en unik beskrivelse av hans arbeid med å etablere et imponerende hageanlegg på hjemgården i Stangvik. I Have-Journalen beskriver han malende hele prosessen fra bestilling av frø og planter til transport, utplanting og til sist etablering og skjøtsel.» Tokle fekk tak i frø og planter frå Hamburg i Tyskland, Danmark og frå Botanisk hage på Tøyen i Oslo. Han fekk tak i mange eksotiske planter, mange var ikkje hardføre nok til å tåle klimaet i Stangvik. Mellom anna fekk han ikkje druene til å vekse for etter tredje forsøk. I hagen hadde han både damanlegg, fontene og lysthus!

IMG_7116

Ei original og interessant bok. Foto: Dordi J H

Sitat frå boka: «No 1. Gravenstener Æblet. Til Minde om min Moder Elen Dorthea Tockle fød Tejelgaard. Plantet den 2den Mai 1827. Obnede sin første Blomsterknup den 29. Mai 1829. Blomsten er i lukket tilstand kun meget svagt rødlig men udfoldet ganske hvid, og haver det særkjende aldrig ganske at vere udbredt – den 20de September aftog jeg de 9 stk. Æbler som det bar som sine første frugter.» Han måtte plukke inn epla før tida da han var redd for «Tyvhaand».

IMG_9200

Sluppen GLÆDEN, bygd 1820, hadde med frukttre frå Hamburg i april 1827. Bilete frå boka.

Jacob Tokle var barnlaus og ugift, men niesa hans, Ellen Dorthea, vart gift med lærar Christen Bruseth frå Brusethaugen i Todalen. Sonen deira, Fredrik Bruseth, sende boka til Oslo i 1920 for å få laga ei lesbar avskrift av boka – det tok ti år! Sidan 1983 har Nordmøre museum hatt denne avskrifta i arkivet sitt, og dei har heile tida hatt eit sterkt ønske om å få gjeve ut denne originale boka. Boka er nemleg verdifull lokal kulturhistorie, da ho i tillegg det botaniske inneheld ei stor mengde kvardagsobservasjonar i lokalsamfunnet.

IMG_9188

Katarina Wedelsbäck Bladh presenterte boka. Foto: Dordi J H

Katarina Wedelsbäch Bladh gav ein fengslande presentasjon av boka. Ho samanlikna Tokle med Halvor Svinvik, båe to hadde ein hagedraum. Katharina har også hatt arbeidet med å oversette og kommentere dei botaniske listene til Tokle. Dette er ei bok som eg trur mange kan finne mykje artig og interessant stoff i. Boka er til salgs i bokhandelen på Skei eller ein kan ta kontakt med Surnadal museum ved Maja Frønes. Viss nokon kjenner til planter som stammar frå hagen til Tokle, så er Maja Frønes og Katarina W. Bladh interesserte i å få vite om det.

Både før og etter bokpresentasjonen spela «Hjemmelaget» med Peder Hønsvik som kapellmester. Dei presenterte musikk i ulike sjangrar frå mange land, eit allsidig repertoar og dei spelar nydeleg, – «Yndig musisering og godt samspel», sa Bernt Bøe.

IMG_7108

«Hjemmelaget» musiserte til stor glede for dei frammøtte. Frå venstre: Roger Jensen, Peder Hønsvik, Tony Hopen og Espen Wilhelmsen. Foto: Dordi J H

Ein riktig så interessant og triveleg ettermiddag ved Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

 

 

Publisert: 5. september 2016, 00:57