Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

50 år – feira seg sjølve i helga

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. september 2016

I august 1966 var 1953-kullet dei aller første til å flytte inn på nybygde Stangvik skule som ligg ved det gamle Melhuskrysset.  Skulen var så uferdig enno, at dei måtte balansere gjennom gangen på plankar for å kome seg inn på klasserommet. Laurdag var 18 av dei 26 elevane i klassen tilbake for å feire at det er gått 50 år sia dei starta på sitt 7. og siste år på barneskulen.

Klassefoto frå skuleåret 1966/67 – 26 elevar i klassen. (Skulefoto)

Første del av feiringa foregikk på Gammelfabrikken i Brusetmarka, der det var ein enkel lunch og sosialt samvær med litt 1966-quiz, men mest prat. Og denne gjengen trong ikkje nokon «bli kjent-dag» for å kome på sporet igjen – trur faktisk dei fortsette der dei slapp for snart 50 år sia – for dei fann tonen kjapt.  Terje Nordvik var leiar i festkomiteen og ønska alle velkomne. Han var enno lemster etter ferieulukka, der han ramla ned frå stigen, men han gjennomførste velkomsttalen i kjent stil.

Hele gjengen var samla rundt det store møtebordet på Gammelfabrikken, og da tok det ikkje lang tid før det vart «rippa oppatt» i mange artige hendelsar og saker, der det var bruka Zalo på golvet og mange andre fantestreker som kom fram i dagen igjen.

Del to av feiringa foregikk på Stangvik skule, der rektor Arne Landsem stillte opp for å vise rundt dei gamle elevane frå 1966. Her var mykje forandra og ombygd sia 53-årgangen gikk her i 1966/67.  Men når dei fekk summa seg litt, så kjente dei seg att og var imponerte over kor fint og stort det har vorte på den nyrenoverte skulen som dei var med og tok «nyå tå» for 50 år sia.

Del 3 av feiringa foregikk laurdag kveld på Thon Hotell Vårsøg, der  heile gjengen var samla til jubileumsbankett og festmiddag.  Der fortsette festa heilt ut i dei små timane og sant å seie trur eg ikkje dei treng noko ekstern underhaldning for å få opp stemninga – det klarer dei sjølve.

Bildeglimt frå feiringa på Gammelfabrikken og på Stangvik skule.    Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 3. september 2016, 23:22 - Sist oppdatert: 5. september 2016, 07:35