Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I morgon: Er du klar for Trollheimsmarsjen?

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. september 2016

Søndag står Trollheimsmarsjen på plakaten, med  start frå kl 8.30 og utover til kl 11. Trollheimsmarsjen går frå Bordholmen i Todalen og over fjellet til Alvundeid – med målgang på Leikvoll stadion innan kl 17.  Påmelding skjer på Bordholmen før start, og det er sett opp bussar frå Ålvudeid 7.45, 8.45 0g 9.45 med start frå Leikvoll.

Frå Trollheimsmarsjen 2010 – pause ved Vardan! Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Og vêrgudane byr på fint turvêr med solgløtt og god temperatur gjennom heile dagen, melder yr.no.  Ta likevel med nok klær og mat for ein heil dag med uteliv på fjellet.

Trollheimsmarsjen er på ca 13 km og går i variert terreng, og du kan pårekne å bruke rundt 5 timar på turen som går over Vardan som er høgste punktet på 850 m.o.h. Arrangør for Trollheimsmarsjen er I.L. Ulvungen og Todalen I.L. i fellesskap og dei oppfordrar folk til å kome seg ut og bli med på Trollheimsmarsjen.

Publisert: 3. september 2016, 19:06