Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

41 tok turen over fjellet til Ålvundeid

Jon Olav Ørsal Sundag 4. september 2016

Det vart ein litt regnvåt start på turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid søndag. Men vêrgudane tok seg inn etter kvart og både tåka og regnvêret ga seg etter kvart og gjorde innspurten på dagens Trollheimsmarsj til ei triveleg oppleving. Det er i år 7. gongen at I.L. Ulvungen og Todalen arrangerer Trollheimsmarsjen i eit samarbeid som starta i jubileumsåret 2008 – da begge laga feira 100-årsjubileum.

Den gongen var det heile 210 deltakarar, men så var det drømmevêr og stor fokus på Trollheimstunnelen og på jubilea på begge sidene av fjellet. To av åra etterpå – i 2010 og i 2014 har Trollheimsmarsjen vore avlyst på grunn av dårleg vær som har gjort det uforsvarleg å sende folk til fjells. Tross alt passerer Trollheimsmarsjen på 850 meter høgde og der kan værtilhøva være ganske tøffe.

Dagens Trollheimsmarsj gikk i allfall som planlagt og alle kom seg velberga over fjellet. Ved målgang på Leikvoll var det nok mange som fikk seg ei hyggeleg overrasking. Flotte premiar var trekte ut på startnumra, og Knut Bergli vart den heldige vinnar av hovudpremien som var eit gåvekort på kr 1000. Dei to neste gåvekorta på kr 500 kvar, vart trekte ut på Roar Helge Halle og Steinar Frøystad.  Tursett med termos og koppar vart trekt ut på Jorunn Nordvik og et gåvesett «Rubberwood» på Sissel Almberg.

På turen over fjellet var det også lagt opp til ein konkurranse med TrollheimsQuiz i form av natursti. Det var 10 spørsmål – ingen hadde alle rett, men 3 hadde 9 rette svar, og dei fekk kvar sin premie –  Tonje Kvendbø, Sissel Almberg og Odd Helge Innerdal.

Bildegalleri frå Trollheimsmarsjen 2016.  Foto Jorunn Nordvik og Jon Olav Ørsal.

 

 

Publisert: 4. september 2016, 18:43