Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9230 artiklar i dette arkivet.


Hundre prosent oppmøte!

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. april 2017

Søndag 2. april var det utdeling av «Mi kyrkjebok» til 6-åringane i Todalen sokn. Alle dei fem seksåringane var møtte fram for å ta imot boka si – altså 100 %, det tykte Torbjørn prest var riktig kjekt.


Mange elementbygg til Helgeland

Jon Olav Ørsal Sundag 2. april 2017

Talgø MøreTre sel elementbygg over heile landet – vi har tidlegare skrive om ridehallen som vart levert til Barduområdet, og det er elles levert elementbaserte landsbruksbygg i tre over heile landet. Men sjølsagt er flest bygg levert til kundar i region Midt-Noreg. – Mange prosjekt har gått gjennom Bindalsbygg, som er ein Talgø-eigd Bygger’n-butikk som er lokalisert til Terråk i Bindal kommune. I forrige veke hengte vi oss på da byggsjefen sjøl, Svein Løvik besøkte kundar og prosjekt i Sør-Helgeland sammen med konsernsjefen.


Biblioteket – Opningstid for Todalen filial

Jon Olav Ørsal Sundag 2. april 2017

Karen Johanne ved bibliotekets filial i Todalen melder om avvik i opningstida nokre veker i vår. Førstkomande veke er biblioteket stengt måndag 3. april – i staden er det ope torsdag 6. april til vanleg tid – frå kl 18-20. Måndagane 10. og 17. april er det påskeferie og dermed stengt ved filialen i Todalen.


Måndagstur til Løfta og Sissihaugen

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. april 2017

Kløverturen måndag 3. april blir på Kvennset. Oppstart frå Matkroken kl. 11.00. Turen går innover skogsvegen frå Sanitetshuset, eventuelt oppover til Løfta og Sissihaugen.


Vårteikn og store vedrøyser…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. april 2017

Skal ein dømme etter størrelsen på vedrøysene så går vi ein skikkeleg kaldvinter i møte til neste vinter.  Når arbeidet med vedkapping og kløyving startar, så er det eit sikkert vårteikn.  Da er det viktig å kome i gang tidleg, og så trur eg det føles som status å ha store røyser og mange vedpallar. […]


Abraham kjem med laurdagsavisa…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. april 2017

Sidan Posten slutta med distribusjon av laurdagsavisa er det Abraham som har sørga for at avisene kjem i rette postkassane. Abraham har ansvaret for Todalen, Kvanne og Stangvik. Litt plunder var det nok i starten, men etter kvart er han komen godt i system og no er runden raskt unnagjort.


Ny utstillar i «Galleri Kaffekroken»

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mars 2017

Tidlegare var Kaffekroken full av historiske bilder i meir eller mindre «spredt orden». No har handelsmann Nordvik fått system på utsmykkinga av Kaffekroken, og etter at lokala vart pussa opp i vinter, så er veggplassen reservert lokale kunstnarar. – Først ute var Reidar Østvik med utstilling av sin fotokunst. I går kveld flytta han ut med alt sitt pikk pakk og inn flytta Sissel Halset Storslett – og begynte å montere måleri på veggane.


Talgø satsar 120 mill. i Todalen og Surnadal – 50 nye arbeidsplassar

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mars 2017

I dag orienterte Talgø om si satsing i Todalen og Surnadal dei tre-fire neste åra.  Eit fulltallig pressekorps var invitert til pressekonferanse der Talgø og Innovasjon Norge fortalte om investering på til saman 120 mill. dei komande åra.  Dersom alt går etter planane skal det gje rundt 50 nye arbeidsplassar til saman i Todalen og Surnadal. Dette er den største satsinga vi nokon gong har gjort i Talgøs 118-årige historie, sa Terje Talgø.


Måndagstur i Gammelvegen.

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. mars 2017

Kløverturen måndag 27. mars blir ute i Gammelvegen – deler av Svinvikrunden.


Barn i løypa avlyst i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 26. mars 2017

Med temperaturar på over 10 varmegrader har det gått hard ut over snøen i løypetraseen i lysløypa på Tjønnmyra. Barn i løype som skulle arrangerast frå kl 14.00 er derfor avlyst, melder Tove T. Brøndbo i Ski- og friidrettsgruppa.


Dugnad på Skihytta – ny vegg i ein fei…

Jon Olav Ørsal Sundag 26. mars 2017

Denne helga har det vore dugnad på Skihytta. Det har i lang tid vore planlagt å arrangere dugnad for å få på plass ny bordkledning. Fredag ettermiddag starta dugnadsgjengen på 6 mann frå Øyalia, med kurs for skihytta. Eigentleg var det to dugnadsgjengar – ein ut og ein inne. Utegjengen fikk nok føle at vindkasta kan være utruleg sterke på Ørsalmyrane…


I natt skiftar vi til sommartid!

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mars 2017

I natt er det tid for å stille klokka til sommartid. Det skjer ved at vi kl 02.00 stiller klokka fram ein time til kl 03.00. Dermed blir natta ein time kortare enn vanleg, og det er ein time vi ikkje får att før til hausten, når klokka blir stilt attende til normaltid igjen. – Ein regel som er lett å hugse er at vi alltid stiller klokka mot sommaren – fram ein time om våren og attende ein time om hausten.