Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I natt skiftar vi til sommartid!

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mars 2017

I natt er det tid for å stille klokka til sommartid. Det skjer ved at vi kl 02.00 stiller klokka fram ein time til kl 03.00.  Dermed blir natta ein time kortare enn vanleg, og det er ein time vi ikkje får att før til hausten, når klokka blir stilt attende til normaltid igjen. – Ein regel som er lett å hugse er at vi alltid stiller klokka mot sommaren – fram ein time om våren og attende ein time om hausten.

Sommartid er den delen av året der klokka blir stilt fram ein time i forhold til normaltid. Fleire land har innført dette for å utnytte dei lyse delane av døgnet. Sommartid vart først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay så tidleg som i 1784, men vart ikkje tatt i bruk før første verdskrig; Tyskland var først ute i 1916, og deretter følgde Storbritannia. Tanken var å utnytte betre sommarmånadene med lys ein time ekstra om kvelden, og minske energibruken. Energisparing betydde mindre i dei industrialiserte landa i seinare tid, men kan få ny betydning under truslane om klimaskifte. Sommartid vert nytta i dei tempererte stroka i verda, i tropane varierer dagen så lite at det er lite praktisk der.
 I Europa var det i 2017 berre Island, Russland og Kviterussland som ikkje hadde sommartid, kan ei lese på nettsida Wikipedia.

Vil du lese meir om sommartid og normaltid, så klikk på linken til Wikipedia

Publisert: 25. mars 2017, 18:01