Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9155 artiklar i dette arkivet.


Måndag 6. mars: – Årsmøte i Stangvik historielag

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. mars 2017

Det er framleis årsmøtetid, og denne gongen er det Stangvik historielag som kallar inn til årsmøte, og det skjer på Stangvik oppvekstsenter måndag 6. mars kl 18.45, melder styret.


Fotoprosjekt: – Øverskaret i mange variasjonar

Jon Olav Ørsal Fredag 3. mars 2017

Frå Frode Grønmyr har vi fått ein fin serie med utsiktsbilder. Det er eit einsformig motiv – utsikt frå Øverskaret i Romålia, men du verden for alle flotte variasjonar som Frode har fanga inn! Frode har til fulle bevist at det er lyset som skapar motiva i seien som består av 12 bilder. Og du verden så fine bilder – eit for kvar månad – ta deg tid til å sjå gjennom bildegalleriet.


Rapporterer om godt føre til Vardan

Jon Olav Ørsal Fredag 3. mars 2017

Denne helga går årets vinterblot av stabelen på Skihytta. I dag vart det sent ut pressemelding om godt skiføre og flotte løyper i området. Gjengen som bur p\å Skihytta har gått på ski til, og hadde flott utforkøyring nedover til Ørsal-setra.


Infokveld med jakt- og rovdyrforvaltning

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mars 2017

Viltnemnda i Surnadal kommune og Surnadal JFF arrangerte i fellesskap Kløverstukveld med tema om storviltjakt og rovdyrforvaltning. Erfaringsvis trekkjer disse arrangementa så mykje folk, så Svorkasalen var samlingspunktet for Kløverstukvelden denne gongen.


Lagar omkjøringsveg via Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mars 2017

Ved Kufalla er Per Gjeldnes Maskin i full gang med å lage omkjøringsveg med tanke på reparasjon av Dalavegen som er skadd av ras. Det er ikkje teke noko avgjerd om når reparasjonsarbeidet skal skje, men da må omkjøringsvegen være klar.


SJFF – minner om årsmøte

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mars 2017

Surnadal jeger- og fiskeforening minner om årsmøtet på Vårsøg Hotell i kveld 2. mars kl 19.00. I tillegg til vanlige årsmøtesaker og valg, vil det bli utnevnt to æresmedlemmer i laget denne kvelden.  – Æresmedlemmene hedres av laget etter å ha lagt ned en stor innsats for oss over mange år, melder styret.


Årsmøte i Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Torsdag 2. mars 2017

Kunngjering frå Todalen historielag:

Årsmøtet i Todalen historielag blir halde i Todalen ungdomshus torsdag 23. mars 2017 kl. 19.30.


Todalen historielag med vellykka filmkveld

Dordi Jorunn Halle Onsdag 1. mars 2017

Det var fullt rundt borda i Ungdomshuset da John Moe, leiaren i Todalen historielag, ønskte vel møtt til årets filmkveld; nær 70 personar var møtte fram! Svein Åge Saksen var ansvarleg for program og film.


Fin og interessant trimtur

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. februar 2017

Siste Kløverturen i februar gjekk i retteleg fint og godt ver, sol og mestå vårstemning ute i Stranda. Som vanleg var det start frå Matkroken. Deretter gjekk turen utover Todalsvegen; over Rossåbrua og langs fjorden utover til raset.


Fotpleie for god trivsel

Jon Olav Ørsal Måndag 27. februar 2017

Trond Løfaldli har fulltids jobb med å stelle føtter. Han driv firmaet Trollheimen Klauvservice, og da er det som det ligg i namnet at det er klauvstell han driv med. Han har ein klauvboks som er tilpassa klauvstell på storfe, og her går det fort å stelle klauvene på ei ku.


I.L. Søya – kaller inn til årsmøte

Jon Olav Ørsal Måndag 27. februar 2017

I.L. Søya kaller inn til årsmøte i klubbhuset ved Søyabanen onsdag 29. mars kl 19.30. På dagsorden står vanlige årsmøtesaker og behandling av endring av lovnorm. Bla om, og les plakaten…


Filmkveld og tilbakeblikk med historielaget

Jon Olav Ørsal Måndag 27. februar 2017

Tysdag 28. februar kl 19.30 inviterer Todalen historielag til filmkveld med historisk tilbakeblikk til 1990-talet. Svein Åge Saksen har fanga inn mykje god og artig historie med sitt videokamera. No har han redigert materialet og vil vise oss ein knapp time med klipp frå 90-talet under filmkvelden i Todalen ungdomshus.