Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongslutt for strikkekafeen

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. april 2017

Strikkekaffe er ein typisk vinteraktivitet, som passar best på vinterføre og når snøstormen uler rundt nåva. Men no er det slutt for i år, sjølv om det faktisk var snø i lufta i ettermiddag da strikkarane var samla i Sanitetshuset på Kvennset.  Med 3-4 varmegrader i lufta er det best å drive inneaktivitetar, men på tampen av april er det vel eigentleg tid for uteaktivitetar.

Men gjengen som var samla i Sanitetshuset kosa seg med strikkinga og bundingsstikkene knitra godt, samtidig som praten gjekk – om laust og fast, og kanskje om vêret og mangelen på kletørk.

Men no blir det som sagt ein pause i strikkekafeen fram til hausten, men da er det på’n igjen og da blir det nok eit eller anna prosjekt som treng varme strikkeklær frå saniteten – men først skal vi gjera unna ein fin sommar!

Publisert: 22. april 2017, 17:00