Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Temagudsteneste i Stangvik

Bernt Bøe Laurdag 22. april 2017

Konfirmantane frå Stangvik, Todalen og Åsskard har sentrale roller i søndagens kveldsgudsteneste i Stangvik-kyrkja. Gjennomgåande tema er Jesu liv og gjerning – framstilt med drama, rørsle, lesing, solosong og allsong. – Dette er ei gudsteneste for alle – slett ikkje berre for konfirmantar, understrekar prest Torbjørn Brøske, som har utarbeidd ni scener frå Jesu liv som utgjer midtdelen i den elles vanlege liturgien.

 Konfirmantane utfører si siste messe før konfirmasjonen med varierte oppgåver. Til saman blir kvelden både ei fagleg oppsummering av kunnskap frå konfirmantåret og ei synleggjering av Jesu gjerning.  

Lysgloben syner Jesu rolle – med Kristuslyset som alle «våre» lys er tente ifrå. Foto: Bernt Bøe

Musikken og symbola i kyrkjerommet aktualiserer dramaturgien. Vakre og talande salmar trekkjer forsamlinga inn i heilskapen.

Den ærverdige preikestolen er tildelt ei ny rolle denne kvelden. Korleis får du sjå søndag kveld …

Publisert: 22. april 2017, 20:00