Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kammen hyttefelt – dei to første hyttene på plass

Jon Olav Ørsal Fredag 21. april 2017

I Kammen hyttefelt er dei to første hyttene på plass – totalt er det plass til 8 hytter i den øvre avdelinga. No kjem ei utvidig av feltet, med eit område med 4 eksklusive tomter ved sjøen, der det og er planer om båthamn og naust.  I det øvre feltet er alt infrastruktur som veg og vatn på plass, og til sommarferien blir nok dei første hyttene innflyttingsklare.

Vi tok turen innom til Edin Elgsæther som er byggherre for den eine av dei to hyttene.  Her trefte vi også 3 snekkarar som var i full gang. Det er ei litt utradisjonell hytte, som er bygd etter terrenget. – Med så flott tomt er vi da nærast forplikta til å bygge ei fin hytte, seier Edin, og poengterer at dei har utnytta både tomta og utsikta når hytta vart planlagt.  Han legg for dagen at han har hatt eit godt samarbeid både med arkitekt Georg Øye og Surnadal kommune om hytteplana.  Georg Øye har lytta til alle finurlige ideer og påfunn, og gjort det beste ut av det, gliser Edin. – Og så har Øyvind Svinvik som byggmester gjort det beste ut av tegningane, legg han til.

Litt uvanleg form på hytta som ligg i hyttefeltet på Kammen.

Hytta er på rundt 80 m2, og er høgst utradisjonelt bygg og sjå til, der heile huset er gjort i trappetrinn. Det er også bruka litt utradisjonelle materialer på hytta, for i taket er det panel som er laga av svartor, og veggane i gangen og i stua er av bjørkefiner.  Og det trur vi faktisk blir fint. Vi er såpass nysgjerrige på korleis dette blir når det blir ferdig, at vi har invitert oss tilbake for å sjå. Edin antyda at det kanskje kunne bli ei råd med ein open dag, før dei flytta inn.

Det er byggmester Øyvind Svinvik som har bygd hytta, og med seg på denne jobben har han også hatt snekkaren Jan Kristian Rindal og lærling Anders Grimsmo. Alle 3 snekkarane syntes det var stas å halde på med eit bygg som ikkje berre var A4, og som ga litt utfordringar. – Og det står ikkje på jobb for snekkarane, for vi er fullbooka i allfall dei to neste åra, sa Øyvind Svinvik.

Slik ser det foreløpige plankartet ut, med utvidelsen av Kammen hyttefelt.

Det er Bjørn og Siv Halle som har lagt ut hyttefeltet på Kammen, og som no utvidar feltet med 4 eksklusive og sjønære tomter. Dei nye tomtene har gått gjennom nålauga i kommune og fylkeskommunale organer, og er no klare til å leggast ut som byggeklare tomter i løpet av sommaren, fortel Bjørn Halle til Todalen.no.

I galleriet nedafor finn du bilder frå begge dei to hyttefelta på Kammen – Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 21. april 2017, 18:00