Frank var raskt ute med storlaksen, som var feittfinneklipt
På tredje kastet, og berre nokre få minutt inn i den nye laksefiskesesongen fikk Frank Haugrim den første laksen på kroken. Han hadde plassert seg i Hagan, nedafor Bruset, med fluestonga. I løpet av eit kvarters tid var den laksen på land. Ein flott laks på 8,5 kg, som attpåtil var feittfinneklipt og dermed den største laksen som ein med sikkerhet kan seie er gjenfangst av smolt som er sett ut i Toåa.