Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pussar vegkantane for å få vekk vatnet

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. august 2017

Blinkande orange lampar fortalte oss at det var eit eller anna som foregikk ved Todalshaugen. – det viste seg å være kantpuss som foregikk i regi av Mesta, der Holmestrandfirmaet Ole Martin Haug var innleid for å rense vekk sand, jord og gras på vegkantane det det er montert rekkverk.  – Og det arbeidet foregikk stort sett maskinelt…

Ole martin Haug har spesialkonstruert utstyr for å pusse mellom pålane til rekkverket. Foto. Jon Olav Ørsal

Ole Martin Haug har nemleg funnet opp og utvikla reiskap for å utføre dette maskinelt og raskt, og har 6 slike ekvipasjar med traktor/shovel som drivkraft.  Måndag var det altså vegen inn til Todalen som fikk slik stell og med seg på laget hadde han Petter moen frå Mesta som sørga for at skiltinga var i orden og som gjorde litt finpuss på vegkantane.  Han fortalte at det var viktig å få vekk vatnet frå vegbanen, både når det er store nedbørsmengder og når det er sørpeføre. Så no kan vi glede oss på vegar der iallfall vatnet renn bort av seg sjølv.  Så håpar vi at neste trekk frå Statens vegvesen blir ny asfalt til erstatning for den som for lengst er utsliten.

Publisert: 1. august 2017, 09:48