Påskesjakk på kaffekroken
Terje Nordvik inviterer til sjakkveld i Kaffekroken palmesøndag kveld kl.19:30. Alle som har lyst til å bli med kan møte opp – har du brett, brikkar og klakke så kan du ta dei med. Vel møtt!
Vi fann 9225 artiklar i dette arkivet.
Terje Nordvik inviterer til sjakkveld i Kaffekroken palmesøndag kveld kl.19:30. Alle som har lyst til å bli med kan møte opp – har du brett, brikkar og klakke så kan du ta dei med. Vel møtt!
På Talgø MøreTre ser vi alt no konturane av ein travel sommersesong, med stor aktivitet, seier Arne Rudningen, som er produksjonssjef for Talgø MøreTre si verksemd i Todalen. Men Talgø MøreTre er godt skodd til å møte ein travel sesong, for på nyåret er det installert både ny CNC-styrt sag og heil ny maskin for automatisk montering og spikring av rammer til byggelement og montering av gips- eller vindtette asfaltplater.
Sia kulturhuset er stengt i påska, vil Surnadal kino vise tre filmar både måndag og tysdag. Den veldig populære barnebokserien «Detektivbyrå nr. 2» inntar kinolerretet frå fredag av med «Operasjon Mørkemann». Filmen vil, i første omgang, gå kvar dag fram til og med tysdag.
Surnadal folkebibliotek har gjort ein vri for å gi brukarane eit godt tilbod før påska startar for fullt. Kulturhuset opnar ikkje før kl. 12 i dei tre kvardagane før påske, og i tillegg er arbeidstida redusert på onsdagen før skjærtorsdag.
Frå Amfi Kreativ og Stig Husby har vi fått ein smakebit av den heilt nye utgåva av magasinet Framgang. Framgang utgis av Amfi Kreativ for Sunndal og Surnadal kommune og er ein del av SuSu samarbeidet. Som nokon kanskje har lagt merke til, så har namnet på magasinet vorte bytta frå Utpågang til Framgang. Stig […]
I onsdagens møte TMN (Hovudutval for teknikk, miljø og næring) vart det gjort vedtak om å byggje ny Øyabru over Toåa. Det var Odd Asbjørn Bævre (AP) og Erik Moen (MDG) som fremma forslaget, seier Lilly Gunn Nyheim som bekreftar at ho har motteke underskriftslister frå folkemøtet i Todalen til støtte for ny bru.
Tysdag kveld kunne leiar John Moe og resten av styret i Todalen historielag runde av nok eit aktivt år. Det er mesta for godt til å tru at historielaget har 187 medlemar, medan det er knappe 300 innbyggarar i Todalen. Det er lett å sjå på oppslutninga til historielaget at Todalingane er opptekne av historia si, og det er bra at historia blir med inn i nye generasjonar.
Vårjamndøgn er på mange måtar ei lita påminning om at sommaren nærmar seg, men i dag er det ikkje mykje anna som minner oss om sommaren. Her heime er det 7-8 cm nysnø og meir er kanskje i vente utover dagen. Men det spesielle med vårjamndøgnet er at dagen og natta er like lang, og det er den faktisk over heile verda. Det skjer den 20. – eller 21. mars kvart år, og no i 2018 skjer det i dag, den 20. mars, og klokkeslettet er 17.16 lokal tid. Vil du lese meir om kan du «bla om» og lese vidare kva Wikipedia skriv:
På Hagelend Surnadal har dei nytta vintertida godt. Ei heilt ny avdeling for sorgbinderi er på plass, og dermed også auka satsing på avskårne blomster. I den stille vintertida har gjengen på Hageland stått på for å få alle ting på plass, med nytt kjølerom og eigen arbeidsbenk for blomsterdekorasjonar.
Fredag fekk ungane ved Todalen oppvekstsenter overrekt ei gåve som skapte interesse, glede og engasjement; heile 56 nye bøker, 31 til barnehagen og 25 til skulen! Givaren var Sanitetsforeninga i Todalen.
Torsdag ettermiddag måtte skulebussen ha bistand for å kome seg innpå vegen igjen etter ein liten snurr på hålkeføret. Skulebussen var på veg opp Falla, da det bar utom vegkanten så vidt det var. Det var i siste svingen før du kjem til Vestrum at bussen fikk problemer, og måtte ha hjelp for å kome seg innpå vegen igjen.
Randi Helene Husby vart kåra til vinnar av Årets bilete på todalen.no for biletet «Snart kommer sola». Biletet var månadens bilete for januar 2017.