Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag: Fikk årsmøtet fort unna

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. mars 2018

Tysdag kveld kunne leiar John Moe og resten av styret i Todalen historielag runde av nok eit aktivt år. Det er mesta for godt til å tru at historielaget har 187 medlemar, medan det er knappe 300 innbyggarar i Todalen.  Det er lett å sjå på oppslutninga til historielaget at Todalingane er opptekne av historia si, og det er bra at historia blir med inn i nye generasjonar.

Styrebordet – frå venstre sekretær Wenche Kvendset, leiar John Moe og kasserar Sven Olav Svinvik Foto: Jon Olav Ørsal

Årsmeldinga fortel at historielaget jobbar på mange frontar. Det som ein kanskje legg mest merke til er årsskriftet. Her blir det lagt ned mykje arbeid både i skriftstyret og hos innleidde bidragsytarar. Elles blir det jobba med arkivering og identifisering av gamle bilder, og lagets fotoarkiv begynner å bli ganske omfattande etter kvart. Eller er det faste innslag kvart år med historisk ettermiddagskaffe og filmkveld på etterjulsvinteren, og bokslepp på seinhausten når årsskriftet kjem. På vårparten er det populært med historisk vandring – sist sommar fikk vi lære kvennsetgardingane å kjenne. Populært tiltak var også bussturen til Storlidalen og Oppdal – komande år vil turen gå til Valsøyfjorden og Lerviklandet i Halsa.  Og vidare kan vi nemne mykje meir. Eit liknande program er også planlagt for 2018 – det vil vi presentere etter kvart som detaljane kjem på plass.

Marit S. Søyset takka av etter mange år i styret og fekk blomster med leiaren John Moe. Foto: Jon Olav Ørsal

Siste post på sakslista var val, og her har nok valnemnda i historielaget ein lett jobb. Styre og stell i historielaget jobbar bra og det er stor stabilitet i rekkjene og dermed lite utskifting. Både leiar John Moe, nestleiar Dordi Jorunn Halle og kasserar Sven Olav Svinvik tok attval. I tillegg har dei med seg Svein Åge Saksen og Wenche Kvennset som ikkje var på val. Vara til styret er Ragnar Halle (attval) og Åse Redalen (ny).  Revisorar Anders Talgø (ikkje på val) og Kristen Bruset (ny) og til slutt valnemnda Ola Bruset og Kristian Gjeldnes (attval).

Etter møter vart det servert kveldsmat til heile gjengen, og etterpå synte «skannerpatrulja» (Ingri og Ragnhild) fram gamle bilder som dei hadde behov for hjelp til identifisering av både folk, stad og tid med tanke på bildearkivet det blir jobba med.

 

Publisert: 21. mars 2018, 00:37