Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Framgang – eit magasin for ein framoverlent region…

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. mars 2018

Frå Amfi Kreativ og Stig Husby har vi fått ein smakebit av den heilt nye utgåva av magasinet Framgang. Framgang utgis av Amfi Kreativ for Sunndal og Surnadal kommune og er ein del av SuSu samarbeidet. Som nokon kanskje har lagt merke til, så har namnet på magasinet vorte bytta frå Utpågang til Framgang. Stig seier at dette er eit positivt og framoverlent navnebytte, og gjenspeglar ein positiv framgang i regionen vår på mange måtar.

Gjennom reportasjer, bilder og annonser har vi klart å representere regionen vår som ein attraktiv plass å bo. Magasinet har tidligare vorte svært godt mottatt av både innbyggjarar og lokalt næringsliv, og har vist seg å vore eit godt virkemiddel i arbeidet med rekruttering.
I denne utgåva kan du blant anna lese om Else Brandvoll Andresen, som har eit stort hjerte bak rattet. Elles møter du fleire mennesker med ulik bakgrunn som har funne seg godt til rette i dei to kommunane. Funkishus på Skei og Hytteliv i Skeisnebba kan du også lese meir om.

Stig vil takke SuSu prosjektet, og aller fremst Karin Halle og Harald Bredesen for eit godt og tett samarbeid rundt dette magasinet. – Ein stor og ekstra takk til Anne Lise With Wullum, som har gjort ein framifrå jobb med tekstarbeidet denne gongen.

Da er det berre å glede seg til magasinet kommer i postkassa i dag, og klarer du ikkje å vente, så kan du lese magasinet digitalt her…..

 

Publisert: 22. mars 2018, 09:00