Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forviklingar på hålka for skulebussen

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mars 2018

Torsdag ettermiddag måtte skulebussen ha bistand for å kome seg innpå vegen igjen etter ein liten snurr på hålkeføret. Skulebussen var på veg opp Falla, da det bar utom vegkanten så vidt det var. Det var i siste svingen før du kjem til Vestrum at bussen fikk problemer, og måtte ha hjelp for å kome seg innpå vegen igjen.

Bussjåføren tok det heile med godt humør – bussen hadde liten fart og det var aldri nokon fare, men det måtte traktorhjelp til for å få bussen på vegen igjen. Foto: GK

Det har heile torsdag vore sterk landvind ovafor Falla, og denne har nok polert isen der det ikkje var snø, fortel Gudmund Kårvatn som har vore ute på brøyting fleire gong i dag på grunn av snøfokken. Kårvatn legg til at dette er ein sving som er for mykje dosert når ein har for liten fart og det er glatt føre. No i ettermiddag blir vegen til Kårvatn strødd og dermed trygg å kjøre, fortel Gudmund Kårvatn.

Publisert: 15. mars 2018, 17:07