Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9114 artiklar i dette arkivet.


«Den 12. mann» held stand!

Steinar Hasselø Tysdag 2. januar 2018

«Den 12. mann» held stand!Det var smekkfullt da Surnadal kino viste «Den 12. mann» i romjula. Filmen vil minst gå ei veke til – og dessutan blir det plass til eit artig svensk gjensyn! «Solsidan – Filmen» gjekk i verste julestria. Mange hadde nok anna å tenkje på da, så Surnadal kino har sett opp filmen igjen laurdag 6. januar på ettermiddagstid (kl. 1630) – til glede for dei som har kosa seg med denne svenske komiserien på fjernsyn.


Inviterer til nyttårsfest i Eidet bedehus

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. januar 2018

Surnadal Normisjonsforening inviterer til nyttårsfest på Heilagtrekongarsdag laurdag 6. januar kl 16.00 i Eidet bedehus. I året som gjekk var det 150 år sidan Skrefsrud og Børresen starta misjonsarbeid i India, etter kvart Santalmisjonen, noko vi også ønskjer å markera, litt i etterkant.


Biblioteket startar på igjen 8. januar

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. desember 2017

Biblioteket startar opp med utlån igjen måndag 8. januar kl. 18.00 – 20.00, og held fram på måndagar inntil vidare – utanom skuleferien, melder Karen Johanne på biblioteket i Todalen, som også ønsker Godt nyttår til alle som brukar biblioteket.  


Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. desember 2017

Søndag 31. desember kl 16.00 er det nyttårsgudsteneste i  Todalen kyrkje.  Soknepresten i Surnadal, Vidar Rygh,  er liturg.  Dåpshandling. Takkoffer til Kirkens SOS. Alle er velkomne til gudsteneste.


Kaldvêret fortsett heile 10-dagersperioden

Jon Olav Ørsal Fredag 29. desember 2017

Etter vêrmeldinga på yr.no så vil kaldveret fortsette både komande, og neste veke. Yr.no melder om temperaturar frå eit par grader og oppover til 5-6 kuldegrader, men erfaringsvis vil nattetemperaturen bli eit par grader kaldare. mesteparten av perioden meldes det om sør-austleg vindretning og ingen nedbør bortsett fra nokre snøbyger komande tysdag.


I kveld: 5.-dagsquiz på puben

Elinor Bolme Fredag 29. desember 2017

Tirsdag 26. desember inviterte Pakkhuset kro til quiz – arrangementet er utsatt til 5. juledag.


Romjulsmarsjen samla 120 deltakarar

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. desember 2017

Litt hålkeføre la ikkje nokon stor dempar på Romjulsmarsjen på 3. juledag. Rundt 120 deltakarar deltok i den 6 km lange turen rundt bygda, for å få litt frisk luft og litt mosjon etter alle godsaker og julemat dei første juledagane.


Tradisjonell juletrefest i Nordvik forsamlingshus

Sverre Kjølstad Tysdag 26. desember 2017

En gammel tradisjon ble også holdt i hevd i år med juletrefest i Nordvik Forsamlingshus 2. juledag. Oppmøte var riktig bra med barn og voksne, og det er gledelig med alle barna i forskjellige alderstrinn. Leder i festkomiteen, Hanne Waag, ønsket velkommen, og las Juleevangeliet.


Sterk vind på Rykkjem – men normal drift igjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. desember 2017

Rute 46 Kvanne – Rykkjem:  Sambandet var innstilt frå 17.45 og utover til rundt 20-tida. Etter kl 20 har det vore normal drift, men sambandet kan bli innstilt igjen på kort varsel dersom tvertilhøva endrar seg, melder Fjord1.


Julerevyen #ViÅ er avlyst

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. desember 2017

Fotballgruppa i Todalen I.L. som er arrangør av julerevyen #ViÅ, har avlyst arrangementet i Todalen ungdomshus på grunn av dødsfall og sjukdomsforfall. Revyen blir sett opp att i påska 2018, men dato er enno ikkje bestemt enno melder fotballgruppa i T.I.L.


God jul til våre lesarar!

Jon Olav Ørsal Sundag 24. desember 2017

Da står det berre att å helse «God jul» til våre mange trufaste lesarar. Det har skjedd mange begivenheter i løpet av året, og vi har heile tida stått på for å formidle store og små saker til både innfødte og utflytta todalingar over heile verda – og sjølvsagt til alle todalsvener rundt omkring


Mange deltok i flott julegudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 24. desember 2017

Det var ei flott og stemningsfull julegudsteneste i kyrkja i dag – med Kirsti Hjørnevik som liturg, Bernt Bøe som organist og musikalsk innspel frå Torgeir Leivdal på fiolin. Det var godt over hundre sambygdingar og tilreisande som deltok i årets julegudsteneste.