Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skileik og annan leik på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Sundag 25. mars 2018

På aktivitetsplana til Todalen I.L. stod det skileik kl 14.00.  Vi tok turen oppover og rekna ikkje med så stor deltaking sidan det var regn i lufta og 7-8 varmegrader – og dårleg og bløtt skiføre. Men der tok vi feil, for ved gapahuken var det full aktivitet med klatring og leik, og det var faktisk mange smårollingar som hadde med ski og som prøvde dem litt innimellom regnskurene.

Fikk fyr på peisen – Birger og William har fått fyr på peisen. No blir det pølsegrilling. Foto. Jon Olav Ørsal

Kosa seg gjorde dei iallfall og aktivitetane bar preg av at det var godt å kome ut og kåte tå seg litt. Og etter kvart vart det fyr på peisen og det store langbordet vart etter kvart fylt opp med termosar og matpakkar og det vart litt grilling på peisen. Både for store og små var det nok ein triveleg start på påskefeiringa, og utover veka blir det nok høve til meir friluftsliv, for yr.no lover sol frå blå himmel i fleire dagar framover.

I galleriet finn du fleire bilder frå aktiviteten på Tjønnmyra i dag.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 25. mars 2018, 16:29