Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hompetitten, hompetitten – her er det hol etter hol…

Jon Olav Ørsal Måndag 26. mars 2018

Vinteren har vore hard med vegane i vinter – det har vore mykje tele,  og bruken av salt har ikkje gjort det betre. Asfalten er mange plassar i oppløysing, og det blir både store og djupe hol som kan være farlege bade for gåande, syklistar og billistar.

Lova bot og betring. Morten Holte og Einar Øyen var ut for å registrere skader på vegdekket. Dei lova at dei verste hola skulle bli fiksa før mannskapet til Mesta tok påskeferie. Foto. Jon Olav Ørsal

Vi tok ein liten fotorunde for å ta ein del av hola i nærare øyesyn, og resultatet er nær sagt skremmande. Etterpå trefte vi to mann frå Mesta. Dei var ute nærast i same ærende – for å registrere skade på vegane. Det er Mesta som har vedlikehaldskontrakten her no, og dei to kunne berette at det er ekstraordinært med skade på veg og asfalt over heile distriktet.  men dei ville rapportere inn skadane her, slik at det vart sett inn litt «førstehjelp» i første omgang – forhåpentleg vis før dei tek påskeferie på onsdag.

Nedafor har vi lagt ut eit lite bildegalleri frå bordholmvegen (FV671).   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. mars 2018, 15:39