Strikkekaffe i Sanitetshuset
Laurdag 17. november inviterer Todalen sanitetsforening til strikkekaffe. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne!
Vi fann 9163 artiklar i dette arkivet.
Laurdag 17. november inviterer Todalen sanitetsforening til strikkekaffe. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne!
Senioruniversitetet inviterer til møte i Kulturhuset i Surnadal onsdag 21. november kl 11:00. Denne gongen er det Baking som er temaet, og konditor Elin Anita Aasland vil kåsere om temaet: Baking – kunst- og handverkfag – eller industrifag?
I det nye årsskriftet som Todalen historielag skal presentere komande søndag er det mykje godt stoff. Årsskriftet startar med ein artikkel om Leif Halse og hans liv og virke, både som «far» til Vangsgutane, som bygdebokforfattar, musikar, idrettsmann og ikkje minst kulturberar. Vidare er det ein artikkel om Dalavegen, om dei 5 søstrene i Andersstua der 4 vart jordmor. Det fortsett med mjølkerampar og mjølkekjøring, både med lastebil og med hest og vogn. – Vi har kika litt i heftet og kan like godt konkludere med at det er litt for ein kvar smak.
Vi skal ikkje blande denne saken borti Ole Paus, men det er likevel mat som er vårt tema. Da vi såg kraftforbilen frå Røv Mølle i aktivitet med lossing i Viastua, var temaet klart. – Det var Arne Bergheim frå Røv Mølle som sørga for at Viastukyrne fikk påfyll med kraftfor i dag, og 7,5 tonn kraftfor, med ekstra mykje fiber, vart blåst oppi kraftforsiloen.
Torsdag 15. november kl 19.30 avviklar Søya og Todalen skytterlag sitt årsmøte på kantina på Talgø-fabrikken på Kvennset. Det er vanlege årsmøtesaker som står på saklista for årsmøtet, melder leiar Håvard Halset til Todalen.no
Siste Kløverturen i 2018 gjekk etter Toåa tursti. Det vil seia at kløverturgjengen starta frå Halsbua og gjekk nedom fabrikken, forbi Bordholmen og vidare til Halsabrua før vi tok inn på stien langs elva. Det vart pause i Gunnøya – sjølvsagt skreiv alle namn i turboka. Vidare gjekk turen oppover langs elva, forbi Båthølen og Tømmermelhølen og over ekra til vegen. Dette blir ei riktig kjekk turrute når Toåa tursti blir ferdig.
Laurdag 17. november kl 13.00 er det klart for opning av ustillinga «Haustlys 2018». Det skjer i Galleri Finstuå i Surnadal Kulturhus, der Styrkår Brørs er hovudutstillar i tillegg til 6 andre lokale utstillarar.
Søndag ettermiddag er det nytt bokslepp for Todalen historielag. Da er det klart for premiere for årsskriftet for 2018, som da er klart frå trykkeriet og dermed klart for utdeling og sal. Heilt nytt denne gongen er det at boksleppet skjer på Gammelfabrikken i Brusetmarka.
Trimmen på Landbrukshuset som hittil har vore på onsdager blir av praktiske grunnar flytta til torsdagar kl 11. frå komande torsdag 15. november, melder Surnadal pensjonistlag, Stavganggruppa. Bli med og fyll på med trim på dei innendørs trimaktivitetane gjennom vintersesongen, oppfordrar leiar Kristian Ranes.
Måndag 12. november er det bibliotekkveld i Todalen skule. Det blir da markering av Nordisk litteraturveke. Temaet for litteraturveka er «Heltar i Norden». Arrangementet er i tidsrommet 17.30 – 19.00 i biblioteket.
Laurdag 10.november var det klart for hogstdugnad i Toåa tursti. Ni karar med motorsag gjekk laus på lauvskogen langs elva. Det vart raskt felt mange tre, men det er mykje å ta av! Skogen, mest older, hegg og selje, står tett langs heile elvekanten.
Fullt hus, kjøle god mat og blide ungar – det var riktig triveleg og god stemning under dagens middag i Sanitetshuset. Det var omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som inviterte bygdefolket til søndagsmiddag på ein torsdag.