Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi øve ikkje – men vi spella og har det triveleg

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. desember 2018

Onsdag trefte vi 6 mann med ein felles interesse og hobby.  Dei 6 var samla hos ex-Jobus spellmann Jon Bjarne Husby i Jostua, og her høyrte du «Lørdagsvalsen» straks du kom ut av bilen. – Dei har ein felles interesse og hobby, men dei har stor geografisk spredning. To frå Todalen, to frå Lykkjebygda, ein frå Bæverfjord og ein frå Skålvikfjorden.

Kaffepausen er ein viktig del av samlingane. Frå venstre Johs Holten, Gudmund Husby, Jon Bjarne Husby, Ola Baardset, Hroar Kvande og Erling Myrbostad. Foto: Jon Olav Ørsal

Heile prosjektet starta egentlig på Kristiansund sjukehus, der Jon Bjarne Husby og Erling Myrbostad var på kneoperasjon. Dei oppdaga fort at dei hadde ein felles interesse og snart klabba det på seg med både naboar og vener.  Så no er gruppa auka i omfang og tel no 6 musikkentusiastar.  Hroar Kvande kom på at «The Invalidos» var eit høveleg namn – det er berre to av oss som er heilt friske, gliser han.

No treffes dei omtrent ein gong pr måned. og har funne ut at dei trives godt i lag.  – Vi spella litt og så blir det som oftast ein lang kaffepause , der vi diskuterer både musikk, fotball og mykje anna rart, seier Jon Bjarne Husby som er vertskap denne dagen. Elles går trekkspelltreffa på omgang på heile Nordmøre.

På spørsmål om dei har nokon spilleoppdrag, så blir dei meir i tvil. Ein av dei seier spøkefullt at «intet oppdrag er for lite og intet for stort» – men konkluderer med at det går iallfall an å spørre.  Så er kaffepausen over og så dreg dei i gang med «jularbos brudevals».

Glade spellmenn med trekkspell – og bass. Kanskje det er på tide med ein premiere ein eller anna plass – vi tykte dei var dyktige med tangentane! Foto: Jon Olav Ørsal

Ein liten smakebit kan du få her!

 

 

Publisert: 20. desember 2018, 04:00