Todalen.no – kvar einaste dag, og inn i framtida?
Stig Husby er styreleiar i Todalen.no på 2. året, og begynner no å bli varm i trøya. Eit lite underskot i 2018 sette eit lite støkk i styreleiaren, og gjer at styret no set i verk tiltak for å sikre årets budsjett og for å legge eit betre økonomisk fundament for framtida. – For ein ting er sikkert, seier Husby, og det er at nyheiter kostar. Det kostar pengar å drive nyheitsformidling, sjølv om det meste av arbeidsinnsatsen har eit sterkt dugnadspreg. No oppfordrar styret i Todalen.no dei 1300 daglege lesarane til å bli med som støttemedlemar – og det kostar ikkje meir enn ein 200-lapp for året!