Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på feiring – programmet er klart

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2019

17. maikomiteen har programmet klart for feiring av nasjonaldagen her i Todalen. Det blir i stor grad feiring etter tradisjonelt mønster, og dagen startar med biltog rundt bygda som startar frå Matkroken kl 10 og som går via Gammelfabrikken og endar opp på Bordholmen.  Der blir det tradisjonell frokost i regi av fotballgruppa i Todalen I.L. 

Etter ein liten pause går programmet vidare, og neste post er gudsteneste i Todalen kyrkje kl. 14, der sokneprest Kristin Strand er liturg. Etter gudstenesta vil vi minnast krigsveteranane ved å legge ned krans ved bautaen på kyrkjebakkan. Deretter er blir det folketog til Todalen skule, og sjølvsagt vil hornmusikken delta i folketogen frå kyrkja og oppover til skulen.  

I Todalen skule blir det servering av suppe med tilbehør, og eller står både allsong og leiar for borna på programmet. I år er det Karin Helen Halle som skal halde tale for dagen, som blir siste post på programmet.  Nedafor har vi lagt ut plakaten med programmet for nasjonaldagen – vil du laste ned plakaten kan du klikke på linken og laste den ned som PDF-dokument

Først publisert: 14. mai 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 16. mai 2019, 16:24