Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturen Stakk UT!

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. mai 2019

Måndag 13. mai vart det Stikk UT!-tur for Kløverturgjengen, Tjønnmyranrunden! Dette er ein riktig så fin tur som passar godt til Kløvertur.

Det var typisk nordmørsk vårver – litt av alt: sol, vind og regn! Dermed vart det matpause i gapahuken da det regna, og ny pause ved Stikk UT!-bordet da sola skein.

Vi gjekk «attonj» for regnet. Fint å ha gapahuk! Foto: Dordi J H

Namneskriving i Stikk UT!-boka. Frå venstre: Jean, Helga, Kari, Marit, Synnøve, Ester Karin, Dordi Jorunn. Bak kamera: Jorunn Ø.

Da turen etter skogsvegen innanfor Bjøråa, ned gjennom Brekkorin og Kvennhusråa, er litt våt og sleip no, vart det ekstra sløyfer oppi lysløypa, før turen gjekk stikkvegen ned i Nyfalla.

Neste måndag håpar vi på godver og litt varme slik at det kan bli rusletur.

Fint ved bordet ytst på Tjønnmyrå. Foto: Dordi J H

Publisert: 13. mai 2019, 16:29