Har stått på for fullt – no blir det påskeferie
På Talgø Møretre har det vore full fart og oppkjøring til ny sesong, sjølv om vi er midt i ei «koronatid», fortel marketingsjef Heid Snekvik til Todalen.no. – Vi tek sjølvsagt alle forsiktigheitsreglar for tilsette og kundar på største alvor og prøvar å ta godt vare på kvarandere. Talgø Marketing har laga ein flott film, som vi gjerne vil distribuere for å vise korleis det blir jobba og korleis verdiane og folket blir tekne vare på.