Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vil ha arboretet ope så mykje vi kan!

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. mai 2020

For Svinviks arboret er det ingen tvil om at det er både eit spesielt år og ein spesiell vår.  Koronakrisa «var på topp» akkurat da vi skulle booke bussturer til arboretet på etterjulsvinteren, fortel Maja Frønes som er dagleg leiar for Svinviks arboret. – Disse gruppereisene legg fundamentet både for besøkstala i hagen og for omsetninga i kafeteriaen.  I staden for å planlegge ein offensiv vårsesong så vart arboretet stengt ned, sier Maja.  No er det letta litt på restriksjonane, men dette vil nok prege drifta gjennom heile sesongen og framleis er gruppeturar med buss forbudt. 

I år blir det ope kvar dag frå kl 11 til kl 16 – i første omgang er gjeld opningstida for mai månad. Foto: Jon Olav Ørsal

No ventar hagen i arboretet på at det skal bli varme – alt er klart for blomstring i den store rhododendronhagen med fleire hundre forskellige sorter.  Dei første starta blomstringa alt i februar, og no kjem resten av hagen i full flor etter kvart som det blir varme i lufta.  Da er hagen i arboretet litt av eit syn!  – Vi har forresten hatt god help til rydding i hagen. Surnadal Hagelag var her ein kveld og hjelpte til med våronna, så no er det egentleg strøkent. 

kafeteriaen er stengt i sommar, men ta gjerne med kaffekanna og piknikkorga når du kjem på besøk. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi kjem til å tilpasse drifta etter kva restriksjonar som gjeld for koronakrisa, og vi vil  gjera det beste ut av situasjonen, seier Maja Frønes som er dagleg leiar og Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagleg leiar i aroretet.  Dei to er de einaste tilsette i arboretet denne sommaren.  Av tiltaka som er gjort er stenging av kafeterian og toaletta, men sjølve hagen blir open kvar dag i tidsrommet 11-16 og det blir litt plantesal i begransa omfang.  Det kan godt hende at det kan bli endringar på opningstida, men foreløpig gjeld 11-16 i mai månad, seier dei to.

– Ta gjerne med kaffekanna og piknik-korga når du kjem til arboretet i sommar.  Når både kafetria og toalett er stengt må vi berre gjera det beste ut av det, men vi må halde oss innafor det regelverket som gjeld og avtalen vi har med kommunelegen.  Billetteringa (kr 75 for vaksne og barn gratis) må skje som kontaktlaus betaling med Vipps. 

– Vi er forresten spente på korleis sommaren blir, for vi har alt no hatt kontakt med mange bubilturista som no held på og planlegg bubilferie i Norge.  Elles går reiseråda ut på at ein i størst muleg grad skal unngå fritidsreiser, så korelis dette blir det blir spennande å sjå.  Maja fortel elles at det i museumsbransjen blir jobba med ein ny app som blir eit digitalt alternativ – men det enno att ein god del arbeid før den kan presenterast. 

Eit av prosjekta vi har jobba med er rekonstruksjon av frukthagen i arboretet, seier Katarina Wedelsbäck Bladh som er fagleg ansvarleg i arboretet. Vi har 80 av dei gamle sortane på plass, og har samla dette som ein backupsamling for genbanken for frukttrær. Dette har vi fått økonomisk støtte for å gjennomføre, seier Katarina.

Arboretet har fleire hundre forskjellige sortar med rhododendron – i alle fargar. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 9. mai 2020, 12:57