Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Maitur i vinterver

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. mai 2020

For snart tre månader sidan var det Kløvertur i vårver med 12 varmegrader og sol. I dag, 11. mai,  vart det tur i snøeliingar med skosnø og vebju. Men heile 11 turdeltakarar tok turen oppover skogsvegane på Kvennsetliene!

Rossåfossen i bakgrunnen. Frå venstre: Jorunn; Dordi F, Ester Karin, Helga og Sigrun. Foto: Dordi J H

Men uansett ver gjer det godt å koma seg ut og få bevege seg, og så er det kjekt å få ein prat, spesielt no når det er så lite sosial kontakt mellom folk og nesten ingen arrangement i lokalmiljøet.

Klare til start, frå venstre: Jorunn, Dordi F, Helga, Arndis, Helen, Ester Karin, Åse Johanne, Kari, Marit og Sigrun. Foto: Dordi J H

På tur ned og alt ferdig med motbakkane: Åse, Arndis, Marit, Helen og Kari. Foto: Dordi J H

Turjentene gjekk litt forskjellige ruter, men møttest undervegs. Alle fekk prøve seg både på bratte motbakkar og unnabakkar! Det er viktig både for musklar og pust.

Det vart nok ein triveleg turdag, men vi håpar på betre ver neste måndag!

Fleire bilete:

Både vebju og skosnø på tur oppover mot Flata. Foto: Dordi J H

Åse er den heldige eigaren av dompapvottar! I dag trongst det å ha varme ullvottar. Foto: Dordi J H

Godt påkledde trimmarar! Frå venstre: Dordi Jorunn, Dordi, Helga og Ester Karin. Bak kamera: Helen.

Vi trivst på tur! Arndis, Marit, Jorunn og Kari! Foto; Dordi J H

Ny snøeling på veg, men stemningsfullt! Foto: Dordi J H

Både vinter og vår! Foto: Dordi J H

Publisert: 11. mai 2020, 13:36