Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No blir det omsider årsmøte i Todalen I.L.

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mai 2020

Årsmøtet i T.I.L. vart utsett tidlegare i vår på grunn av koronakrisa. No når forholda etter kvar begynner å normalisere seg er det tid for å tenke årsmøte på nytt, og ny dato for møtet er sett til torsdag 4. juni kl 19:00 – i Todalen ungdomshus. 

Så blir det sjølvsagt ny runde med frist for å levere saker til årsmøtet og for å seie frå seg tillitsverv  21. mai 2019.  Endeleg sakliste kjem ei veke før årsmøtet.  Sjå elles vedlagte årsmøteinfo.

Publisert: 4. mai 2020, 17:18