Kløvertur måndag, blir du med?
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22.februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Vi fann 9212 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22.februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
No frå klokka 11:00 blir den digitale gudstenesta, som vart filma tysdag ettermiddag, tilgjengeleg for våre lesarar. På den digitale gudstenesta er det Kristin Strand som er liturg medan Ronny Kjøsen er organist. Årets konfirmantar i Stangvik og Todalen sokn bidreg med lesing og song.
Todalen historielag har eit rikhaldig og verdifullt biletarkiv som skannarpatrulja, Ingri og Ragnhild, har bygd opp og har ansvaret for. Her kjem tre nye bilete frå bryllaupasfeiring frå fotoarkivet. Bileta er frå 1940-, 50- og 60-talet.
Laurdag inviterer Surnadal kunstforening til opning av utstillinga «Vintersyn» i Finstua i kulturhuset. Det er i år kunstnaren Jacoba Maria «Coby» Omvlee er årets utstillar og som opnar laurdag 20. februar kl 13. men det skjer også meir i Finstua denne dagen, for Surnadal kunstforening fyller nemleg 40 år, og dermed er det no klart for å presentere jubileumsskriftet som Eivind Hasle har ført i pennen – eit flott innbunne hefte med 60 sider historie om lagets aktivitetar gjennom 40 år.
Onsdag fekk handelsmann Nordvik beøk i butikken frå barnehagen. Dei eldste bornai barnehagen hadde nemleg laga fine snøkrystallar i dag, og etterpå kom dei saman med Jorunn til Matkroken for å henge dei opp i vindaugo. Ski-VM går i den tyske byen Oberstdorf og startar neste onsdag.
På ekstraordinær generalforsamling i Todalsfjordprosjektet i dag, var den viktigaste saka val av nytt styre. malene Aaram Vike vart valt til ny styreleiar, medan tidlegare styreleiar Lars Løset vart valt til styremedlem for eit år for å sikre kontinuiteten. Ny nestleiar i Todalsfjorprosjektet vart Lars Inge Kvande.
Etter 2 og ½ månad med jul- og vinterferie var det klart for årets første kløvertur i Todalen. Det vart ein god start på kløvertursesongen med 15 deltakarar og godt ver.
Har du problem med å få kontakt i Todalen på din Telia mobil, så har det nok sin natulege forklaring. Det ser ut til å være basestasjonen på Halset som har problemer av ein eller anna grunn. Vi har vore i kontakt med Telia kundeservice som påstår at det ikkje er dekningsutfall – men kontakt har vi iallfall ikkje.
Todalen sanitetsforening inviterer til ny sesong med kløverturar. Årets første turdag blir måndag 15. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
I sommar får vi gjenhør med musikaraen Asle Beck. Nærare bestemt så skjer det laurdag 5. juni når han entrar scena på Todalshytta igjen. Da er det temmeleg nøyaktig 5 år sia sist vi hadde besøk av Asle, som i 2016 hadde konsert her saman med kompisen Gunnar Westlie. – Ja, tida går fort, gitt, seier Asle når vi konfronterer han med at det er 5 år sia sist.
Vinterferien nærmar seg med stormskritt, og i samband med ferieavviklinga ønskjer Surnadal kommune å gje gode råd for korleis både tilreisande og fastbuande skal takle vinterferien. Bla vidare og les pressemeldinga frå Surnadal kommune som vi har lagt ut nedafor…
Det siste 10-åra har rovdyra stadig kome meir i fokus for beitenæringa. Spesielt har sauebøndene vore hard ramma, og er påført store tap. Enkelte år er det faktisk enkelt som har opplevd katastofale tap på rundt 30 prosent og kanskje meir. Her i Todalen er det mange som rett og slett har lagt ned sauedrifta på grunn av store tap og at det ikkje har vore muleg å sette inn tiltak for å løyse problema som jerven nok har fått det meste av skylda for – men gaupa er nok medskuldig.