Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Barnehagebesøk: Dekorerte til ski-VM på butikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. februar 2021

Onsdag fekk handelsmann Nordvik beøk i butikken frå barnehagen.  Dei eldste bornai barnehagen hadde nemleg laga fine snøkrystallar i dag, og etterpå kom dei saman med Jorunn til Matkroken for å henge dei opp i vindaugo. Ski-VM går i den tyske byen Oberstdorf og startar neste onsdag.

Handelsmann Nordvik vart sjølvsagt glad for dei flotte iskrystallane frå barnehagan som blir hengande i lag med VM-plakatane frå Coop (Coop er nemle hovudsponsor for Ski-VM).  Etterpå var det ikkje heilt fritt for at det vanka litt smaksprøvar på sjokolade til «kunsnarane» som naturleg nok sette pris på det. 

Handelsmann Nordvik vart glad for dei flotte iskrystallane som no blir hengande under ski-VM som startar i neste veke. Litt sjokolade var høveleg belønning, og vart sett stor pris på! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. februar 2021, 20:40