Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God sesongstart!

Dordi Jorunn Halle Måndag 15. februar 2021

Etter 2 og ½ månad med jul- og vinterferie var det klart for årets første kløvertur i Todalen. Det vart ein god start på kløvertursesongen med 15 deltakarar og godt ver.

Turen gjekk frå Matkroken og utover Stranda. Det var fint å gå, – god temperatur og vindstille, men sola mangla. Det var kjøle kjekt å møtast, lenge sidan sist og mange måtte helse godt nytt år! Slik er det når både medlemsmøte og Fredrikkekaffien ikkje blir arrangert p.g.a. pandemien.

Ny tur måndag om ei veke.

Triveleg å treffast! Pratepause på Rossåbrua. Foto: Dordi J H

Publisert: 15. februar 2021, 19:07