Arbeidet med årsskrift nr. 20 er godt i gang
Todalen historielag melder at arbeidet med årsskrift for 2021 er godt i gang. Det blir da årsskrift nr. 20 – altså eit lite jubileum.
Vi fann 8890 artiklar i dette arkivet.
Todalen historielag melder at arbeidet med årsskrift for 2021 er godt i gang. Det blir da årsskrift nr. 20 – altså eit lite jubileum.
Soknerådsleiar Kristian Gjeldnes inviterer til tradisjonell vårdugnad på kyrkjegarden. Det skjer tysdag 4. mai kl 18:00. Ta med høveleg reiskap og kom på dugnad – blir vi mange, så er det fort unnagjort!
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 3. mai. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
1. mai er startdato for StikkUt-aktivitetane over heile fylket. Laurdag var det parkert mange bilar på parkeringsplassen til Arboretet, og det vart nok ein flying start for det flotte turmålet som Svinviksrunden er. Vi var innom og logget oss på og fikk prøve den nye og oppdaterte appen, som fungerte bra og gjorde det lettvint å logge seg på og registrere besøk.
Når standhaftig snøbyger peip rundt novene for eit par veker sia var det nok mange som heller venta på vår og varme. På Hageland Surnadal var dei nok spendte på kva Tregde & Co hadde å by på når dei oppdaterte vêrmeldinga på yr.no. Etter kvart har dei da funne att sola , men varmen er det berre så som så med. Men no blir det etter kvart betre og på Hageland bugner det av både blomster, busker og planteskulevarer som berre ventar på å få seg ein ny heim i ein eller anna hage på «indre».
Matkroken Todalen informerer om avvik i opningstidene ei rekkje dagar i mai. Maidagane er prega av både arbeidaranes dag, kristi himmelfart, nasjonaldagen og pinsehelg. Nokre dagar er det kioskope og eit par dagar – 17. mai og 1. pinsedag (23. mai) er butikken helilt stengt.
Ein vaksen mann i Surnadal har i kveld fått påvist smitte, skriv Surnadal kommune i ei pressemelding i kveld. Personen er sett i isolasjon og ein nærståande person er sett i karantene. Smitten er sannsynlegvis oppstått i forbindelse med reise til Trøndelag. Så langt i smittesporinga er det ingen lokale forgreiningar til dette smittetilfellet.
Onsdag føremiddag var den tillyste linjeinspeksjonen på Svorka-netter fort unnagjort. I løpet av ein liten time var heile seansen unnagjort og folk rakk nærast ikkje å slå på kameraet før helikopteret var borte igjen.
Ungane i Todalen barnehage syntest det var stor stas å få besøk av sanitetskvinnene Jorunn og Kari, dei kom med godsaker til ungane og blomster til dei tilsette. Det er godt for alle å bli gjort litt ekstra stas på i litt uvanlege tider!
Det er tid for russetreff igjen og vanlegvis er det eit sikkert vårteikn, men det siste året er det ikkje mykje som har vore sikkert – pandemien har prega både russefeiring og det meste av andre aktivitetar. At det arrangeres russetreff igjen er difor eit godt teikn og det ga også Liv Dalegg uttrykk for da ho ønska velkomen til russetreff i Kulturhuset måndag ettermiddag. I år vil russen få lov til å ha ei viss russefeiring igjen, i samråd med kommuneoverlegen.
Snart er det klart for ny tursesong for Surnadal Pensjonistlags fjellgruppe. 11. mai er det klart for første tur som går til Kvalnesvika. Vi møtest på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje for samkjøring, på utlyst tid. Bur nokon slik til at dette medfører stor omveg, møter dei opp på parkeringsplassen der gåturen startar. Gåturen startar kl 1100 i alle høve.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 26. april. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.