Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hengebrua fikk hard medfart av stormen

Jon Olav Ørsal Måndag 17. januar 2022

Ein skal kankje ikkje skulde på Gyda, det som stormen har herja med i natt.  I nattens mulm og mørke har iallfall Hengebrua ved Heggøyann fått hard medfart, og er såleis stengt inntil vidare.  Det er gangbanen som er vrengt, slik at det ikkje er muleg å ta seg fram over brua slik som den ligg no.  

Hengebrua fikk juling med stormen søndag kveld – nå må det vurderast kva som må til for å reparer brua seom er mykje bruka av trimmarar, fiskarar og fastbuande. Foto Jon Olav Ørsal

Kristen Bruset fortel at det var veldig sterk vind i området i kveldinga, søndag kveld, og det er mest sannsynleg da det har skjedd.  I dag er det nok fiskarar og trimmarar som er dei mest habile brukarane av brua – i tillegg til lokalbefolkninga.  No må nok skaden vurderast og takserast med tanke på reparasjon.  Men skaden no ser ut til å være mindre enn sist brua var renovert – i 2002, seier Bruset.

Publisert: 17. januar 2022, 12:34