Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen slapp billig unna Gydas herjing

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. januar 2022

Alt tyder på at vi her i bygda har sluppet billig unna Gyds herjing når vi ser korleis det har vore rundt om kring.  Ikkje minst i Surnadal, der dalen praktisk talt har vore lagt under vatn og har opplevd 50-årsflaum og vel så det i Surna. I Toåa er det til samanlikning registrert 5-årsflaum ved målestasjonen ved Storfossen med topp på rundt 92 m3/sek, men alt tyder på at vassføringa nedafor Storfossen har vore forholdsvis større i Romåa, Haukåa og andre elvar som renn ut i Toåa nedanfor.

Skogsbilvegen i Øyalia har fått hard medfart. Store vannmasser har runne etter vegen og gjort stor skade. Ståle A.

Bilder frå Øyalia, der ras og oversvømming har ført til skade på skogsbilvegen. Foto Ståle A.

På Toåa tursti har Toåa hatt oversløp fleire plassar, men det er kanskje ikkje gjort nokon stor skade.  Elles har det vore ras og oversvømming i Øyalia.  Her kan det tyde på at det er gjort skade for eit par hundre tusen.  I tillegg til ras har det vore omfattande utgraving 2-300 meter av skogsbilvegen, antydar Ståle Ansnes som er grunneigar. 

I Brusetmarka har det og gått eit mindre ras i nedre del av Bjørålia, ovafor Sandmo.  Her har en del masse glidd ned og sigla nedover ekra mot Sandmo.  

Ein del masse har glidd ut og sigla nedover ekra ovafor Sandmo i Brusetmarka. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. januar 2022, 12:44