Triveleg treff i Sanitetshuset
Etter ein lang og god julepause var det klart for første strikkkekaffe i 2023, og det var kjærkome! Heile 19 jenter i godt vaksen alder møttest i Sanitetshuset laurdag 28.januar.
Vi fann 9146 artiklar i dette arkivet.
Etter ein lang og god julepause var det klart for første strikkkekaffe i 2023, og det var kjærkome! Heile 19 jenter i godt vaksen alder møttest i Sanitetshuset laurdag 28.januar.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 28. januar i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00.
Hubertine Roebroek er gartner på Hageland, og er no i full gang med å førebu våren og ny sesong i hagen. Det er enno god tid for å så dei fleste sortane, men det lønner seg å få enkelte frøsortar i jorda alt no – foreksempel chili, paprika og blomstersortar som blodbeger – og enkelte andre sortar. I butikken på Hageland finn du no både frø, såjord, gjødsel, minidrivhus og enkle lysanlegg – alt du treng for å starte tidleg.
Måndag ettermiddag kunne Surnadal Senterparti presentere listetoppane til haustens kommuneval. Det har vore knytt stor spenning til nominasjonsprosessen etter at Margrete Svinvik ga beskjed om at ho ikkje stilte til gjenval. Det er mykje som skal klaffe i ein slik nominasjonsprosess, og no var altså tida inne for å presentere den nye trioen på toppen av lista.
Vi opplever at det er knytta spenning til aktiviteten i byggebransjen, men opplever også at det er stor etterspørsel etter bustader – både lokalt og i heile regionen. Talgø dei siste årahar sikra seg byggekapasitet gjennom oppkjøp av Talgø Agrobygg i Bindal kommune, Tradbo i Tingvoll og no sist Einar Mork Snekkerverksted i Averøy.
I fjæra i Hyllnesbukta trefte vi Stig Are Gulla i ferd med å gå i land etter ein båttur utpå fjorden. Stig er ivrig hobbyfiskar, og har vore utpå for å sette ut garn i området ved vorpneset. På nyåret har det vore såpass kaldt og vindfullt, så det har vore eit begrensa aktivitetsniva, fortel han.
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 29. januar klokka 11:00. Bjørn Hovde er liturg, medan Bernt G. Bøe er organist.
Det fine vintervêret vi har harr dei siste dagane, tek nok snart slutt. Frå måndag og utover veka blir det ein mildare vêrtype og litt regn. Før helga forsett det med opphald og tildels fint vêr, med temperaturar som så vidt viser kuldegrader. På yr.no ser vi at det blir eit skifte frå måndag.
Det er kyrkja i Surnadal som inviterer til fellesmiddag på Kyrkjehuset onsdag 25. januar, med start kl 16.30. Dersom du et middag åleine, kan det være triveleg å ete i lag med nokon eller kanskje kan det være godt å sleppe både matlaginga og oppvasken etterpå. Meld deg på og bli med på ein triveleg fellesmiddag!
Har du ønske om å ta ein trimtur på barmark – utan ski, så er Svinvikrunden eit godt alternativ akkurat no. Rett nok er det ikkje barmark heile runden, men det er godt å ga til fots. Og er du utrusta med gode vintersko med pigg, så er du på trygg grunn. Søndag var det fleire som nytta høvet til ein søndagstur på barmark.
Tore Gjul som er sekretær i viltnemnda i Surnadal kommune har laga ein omfattande statistikk som er basert på vårteljing av hjort og med resultat frå jakta i 2022, basert på felt hjort, elg og rådyr i Surnadal kommune og fordelt på dei enkelte vald/storvald innafor kommunens grenser. Når ein blar gjennom statistikken er det lett å sjå at ein må sjå alt i samanheng når ein skal regulere stammen med tildeling og avskyting frå år til år.
Todalen Idrettslag og Todalsdagen er så rause at dei kvart år gir bort startkontingenten frå mosjonsløpet Ræta Opp, som blir arrangert i samband med Todalsdagen. I 2021 var det Blodbanken i Kristiansund som kunne nyte godt av denne givergleda, og heile startkontingenten på 16.300 kroner gjekk dit. Det var stor glede i Blodbanken, og Randi S. Tømmervåg og Elisabeth Sandvik var på Bordholmen under Todalsdagen – for å promotere Blodbanken.