Årsmøte i Surnadal Heimbygdlag
Surnadal Heimbygdlag kallar inn til årsmøte på Thon Hotel Surnadal måndag 12. februar kl. 18:00.
Vi fann 92 artiklar i dette arkivet.
Surnadal Heimbygdlag kallar inn til årsmøte på Thon Hotel Surnadal måndag 12. februar kl. 18:00.
Det var kanskje ikkje så uventa at dei tre løparane som er på randonée-landslaget hamna på sigerspallen, men spenning var det likevel under kveldens sprint i Sæterlia, der første øving i Kårvatn Skimo vart avvikla. 16 deltakarar gjorde at det vart eit forholdsvis oversiktleg arrangement.
Førstkomande søndag er det både morsdag og fastelavnssøndag, så det er dagen for bådebollar og kake! Sanitetsforeninga held ein lang tradisjon i hevd og sel fastelavnsris og lerkhjarte som ein kan pynte med både ute og inne.
I går kveld vart ei gaupe påkøyrd og skadd i Todalsstranda. Etter påkøyrselen for gaupa oppover på oversida av vegen og forsvann. Det lokale politiet vart varsla, og dei tok kontakt med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for å få klarsignal til å igangsette ettersøk og avliving av den skadde gaupa. Hallstein Nes og Ådne Næss Aune frå den lokale ettersøkgruppa starta raskt ettersøk for å finne den skadde gaupa.
Fredag kveld starter Kårvatn Skimo med start kl 18:00 i Surnadal alpinanlegg, Sæterlia, der sprint er første aktivitet i Kårvatn Skimo 2024. Her er det start kl 18:00, med prolog og kvalifisering, og fortsett forløpande med heat og til slutt finale. I skrivande stund er det 16 påmeldte, men det kan enno bli fleire.
Tysdag 13 . februar er det atter moglegheit for servering av ball på Todalshytta. Som vanleg serveres det både potetball og sildball i tidsrommet 15:00 til 18:00. Bestill gjerne på SMS 929 97 550.
Styret i Surnadal Pensjonistlag kallar inn sine medlemmar til årsmøte måndag 26. februar klokka 12:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Møbel-Biske bygget på Skei. Vanlege årsmøtesaker.
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det no er fin skeiseis og gode forhold igjen på Bordholmen. – Skeiseisen er nypreparert og forholda er veldig fine, kan Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa fortelje.
Styret i Surnadal Arbeiderparti kallar inn sine medlemmar til årsmøte torsdag 15. februar klokka 19:00 i møterommet på Surnadal sjukeheim. Det blir vanlege årsmøtesaker og utlodning.
Todalen Idrettslag har preparert løyper med skispor i Toåa tursti, rundt om på Kvennset og oppover Smålandsgrenda. Rapportane seier at det er kjempefine forhold for å gå på ski, så da er det inga unnskyldning for å ikke ta seg ein skitur!
Todalen sanitetsforening melder at det blir salg av fastelavnsris fredag 9. og laurdag 10. februar framfor Matkroken/Halsbua. Det blir salg både av tradisjonelle bjørkeris og allergivennlege ris av lerk.
Da påmeldingsfristen gikk ut onsdag kveld kl 23:59 var det klart at det var nok påmeldte til at Kårvatn Skimo køyrer på som planlagt med renn både fredag, laurdag og søndag. Det vlir start fredag kveld, og det sker i Surnadal Alpinsenter i Sæterlia, der det blir arrangert sprint, fortel Nils Ove Bruset hos arrangørklubben Trollheimen fjellsportklubb.