Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gaupe avliva etter påkøyrsel i Todalsstranda

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. februar 2024

I går kveld vart ei gaupe påkøyrd og skadd i Todalsstranda. Etter påkøyrselen for gaupa oppover på oversida av vegen og forsvann. Det lokale politiet vart varsla, og dei tok kontakt med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for å få klarsignal til å igangsette ettersøk og avliving av den skadde gaupa. Hallstein Nes og Ådne Næss Aune frå den lokale ettersøkgruppa starta raskt ettersøk for å finne den skadde gaupa.

Ådne hadde fått låne hund av Steffen Haugen, ein hund som er trena til å spore gaupe. Men dei var litt skeptiske på å bruke berre ein hund i ettersøket på ei skadd gaupe, så dei tok kontakt, og fekk med seg Mads Ulsnes frå Rissa og hunden hans i tillegg, slik at dei hadde to hundar.

Dei starta sporsøket rett innafor Svinviktunnelen og følgde spora oppover vegen mot Hjellnes opp til der gamlevegen tek til. Der følgde dei gamlevegen utover borbi hyttefeltet og utover mot Svinvika. Hundane vart sett på los, og fekk etter ganske kort tid kontakt med gaupa. Hunden til Ådne vart angripen av gaupa, og fekk bitt og klorskadar i halsen, brystet og eine framfoten. – Heldigvis berre skinnskadar og ikkje noko alvorleg, seier Ådne. – Vi har akkurat vore til dyrlegen og fått sjekka skadane no, så det er ingen brot og alt ser ut til å gå bra, legg han til.

Da dei var komne rett over tunnelopninga på Svinviksida, fann dei ut at gaupa der hadde teke av frå vegen og bevega seg nedover mot tunnelopninga. Hundane losa, og dei tre karane følgde etter. – Heldigvis hadde vi så dårlege lommelykter at vi ikkje såg kor bratt det var, seier Ådne. – Hadde det vore dagslys hadde vi mest truleg ikkje turt å gå nedover slik vi gjorde, legg han til.

Gaupa vart avliva i 5-tida. Foto: Privat

Da dei kom ned til hundane, låg gaupa berre fire meter unna dei, og dei kunne avlive den og få slutt på lidinga. – Gaupa hadde brokke det eine låret under påkøyrselen, og bein stakk ut og opp i buken på den, så den hadde nok hatt ganske store smerter, seier Ådne. – Så det var nok bra vi fekk avliva den, avsluttar han.  

Ettersøket tok mellom åtte og ni timar, så det er all grunn til å skryte av den lokale ettersøkgruppa for den innsatsen dei gjer ved vilt- og rovdyrpåkøyrslar. Gruppa gjer ein viktig innsats for å redusere lidingane til ville skadde dyr!

Publisert: 9. februar 2024, 11:36