Priviligert påskevandring
Vi som fekk vera med på den gjennomarbeidde og gripande song- og musikkstunda ved påskevandring i Stangvikkyrkja onsdag før den stille veka, har mykje å takka for. Vi fekk ei god førebuing til påskehøgtida ved koret Prosjekt 17 som no har mange fine soliststemmer, både mannlege og kvinnelege. Med sitt krevjande og utsøkte repertoar førte dei oss rett inn i påskebodskapen, både gjennom deler av Handels «Messias» og Mendelssohns arie frå oratoriet «Elias» og Elgars «Ave verum corpus», og ikkje minst gjennom Jesu sju ord på korset, tekster sammensatt frå alle evangelia og solosong med stilisert tablå ved kormedlemer og fleire.