Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til turrenn i Strengentraséen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. mars 2023

Skigruppa i Idrettslaget Søya inviterer til turrenn i Strengentraséen søndag 2. april med start i tidsrommet mellom klokka 11:00 – 12:00. Turrennet startar frå Vang Skiarena og går i variert terreng. Ein kan velje å gå til Øygardshalsen eller videre oppover mot Haukarberget, Langvatnet, Klåberget eller til toppen av Strengen. Det er ikkje tidtaking, så ein snur når ein sjølv måtte ønske.

På Øygardshalsen blir det servering av saft og sjokolade. Det blir deltakarpremie til dei yngste, og fine uttrekkspremiar blant alle startande.

I skihuset på Vang skiarena blir det sal av kaffe, brus, sjokolade, og ikkje minst bakels og graut.

Deltakaravgifta er kroner 100,- pr. person og kroner 250,- for familiar.

Husk å registrere dykk før de startar å gå.

Inntekta går til løypearbeidet på Vang og i Strengentraséen og kan betalast via Vipps 91114 – Skigruppa I.L. Søya.  

Skigruppa ønsker velkommen til ein triveleg skidag på Vang skiarena og i Strengentraséen.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 30. mars 2023, 16:31