Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2023

Vi fann 90 artiklar i dette arkivet.


Frå Chaplin til mumiar på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. februar 2023

Onsdag 8. februar klokka 12:00 inviterer Seniorfilmklubben til filmen Diktatoren av Charlie Chaplin på Surnadal Kino. Elles er kinoprogrammet dominert av Spielberg, Munch og premiere på barnefilmen «Mumiar på eventyr». 


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. februar 2023

Styret i Surnadal kunstforening kallar inn til årsmøte onsdag 22. februar klokka 19:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral på Skei. Vanlege årsmøtesaker.


Etablerarlunsj – kickstart bedrifta di

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. februar 2023

Onsdag 1. mars klokka 11:00 – 13:00 inviterer Vindel og Surnadal kommune til «Etablerarlunsj» på Surnadal kommunehus. Så har du ein gründerdraum? Treng du hjelp til å komme i gang med bedrifta di? Lurar du på kva midlar og tenester det er mogleg å søke for bedriftsutvikling? Da er dette rette plassen den 1. mars!


NM på Kårvatn: – Fine forhold i Dalalia etter snøfallet

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. februar 2023

Det er kjempefine forhold i Dalaia etter det siste snøfallet.  I dag har det delvis vore blå himmel og sol, og Gudmund Kårvatn har vore oppå lia på inspeksjonsrunde for å sjekke forholda med tanke på helgas randonee-NM.  Han rapporterer om kjempefine forhold nedover Dalalia – faktisk er det sjelden det er så fine forhold ned lia som no, seier han.  I dag har Jan Hafsås vore oppe med fly, og vi kan vise ferske bilder frå området rundt Tydalsnebba – og det ser lovende ut.


Bli med på trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. februar 2023

Torsdag 2. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


Vi vart ein mindre i 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. februar 2023

Folketalsstatistikken for Todalen (Svinvika – Kårvatn), viser at det 31.12.2022 var 293 todalingar, ein nedgang på 1 i forhold til tala 31.12.2021. Det var ved årsskiftet 140 kvinner og 153 menn busett i Todalen. Gjennomsnittsalderen var ved årsskiftet 2022/23 47,1 år, akkurat det same som ved årsskiftet 2021/22. Det er Todalen bøgdalag sin eigen folketalsstatistikk som syner dette.