Opningstider på kulturhuset jul og nyttår
Julehøgtida nærmar seg med stormskritt, noko som inneber nokre endringar i opningstida på Surnadal kulturhus og biblioteket. Opningstidene som gjeld i jule- og nyttårshelga finn du på eigen plakat nedanfor.
Vi fann 95 artiklar i dette arkivet.
Julehøgtida nærmar seg med stormskritt, noko som inneber nokre endringar i opningstida på Surnadal kulturhus og biblioteket. Opningstidene som gjeld i jule- og nyttårshelga finn du på eigen plakat nedanfor.
Lotterigjengen er klar med neste trekkjing, sjølv om det er søndagsmorgon. Som vanleg er det 2 gevinstar, og den første gevinsten er eit brett med nylagte egg – 30 i talet, så her ligg det an til kokt egg kvar dag gjennom heile jula. Heldig vinnar er Liv Jorunn B Moe, som er lokalisert til […]
Fredag var Per E. Gjeldnes Maskin ute på spesialoppdrag. Det gikk ut på å felle dei store asketrea i allén ved Talgø gard, som etter kvart har fått så mykje tørre greier at dei var en trussel for trafikken. Anita Talgø, som er grunneigar, fortel at det har vore fleire tørrgreiner enn nokon gong i år – så no måtte dei berre til pers.
Ny trekning og nye gevinstar er klare for å spre glede rundt om kring til alla kjøparar av adventlodd i bygd og by. I dag er det også 2 gevinstar som er trekt ut – den første gevinsten er eit innrama bilete med solnedgang uti «fysnå» – utsikt frå området ved Talgøsetra. Den heldig vinnar vart Peder Klingen Talgø som bur i Trondheim, men som har bestemor i Andersstua som kanskje er loddkjøpar? Den andre gevinsten er ein bunt med heimbaka flatbrød som er klar for å bli tilbehør til julemiddagen…….
Mykje av det siste året har gått med til å førebu renoveringen av overflateavdelinga på Talgøfabrikken på Kvennset. Etter at det var slutt på produksjon av møblar og veggpanel har maskinene på lakkavdelingen stått nærast ubruka. Men i kjølvatnet av «royalsaka» har det etter kvart vorte aktuelt å overflatebehandle kledning på ein effektiv måte, og derfor vart det aktuelt å rehabilitere overflateavdelinga og bytte ut ein del maskiner for å tilpasse utstyret for overflatebehandling av kledning.
Talgøkonsernet vokser i omfang, og kjøper 51% av aksjene i averøyfirmaet Einar Mork Snekkerverksted AS. Dermed blir Talgø Invest majoritetseier og innlemmer nok en velrennomert kvalitetsbedrift i Talgø-konsernet. Dermed tilrettelegges det for et nært samarbeid med verdifulle synergier fra nyttår 2023.
Koret P17 med solistar og orkester inviterer til tonande juleglede i Todalen og Åsskard kyrkjer søndag. Kantaten «I denne søte juletid» toppar eit rikhaldig program. Konserten i Todalen kyrkje tek til klokka 14:00, medan den tek til klokka 19:30 i Åsskard kyrkje.
Denne dagen er det tre gevinstar i Adventlotteriet som Todalen I.L. arrangerer – som vi har skrive tidlegare er det berre kortreiste gevinstar, og Trimgruppa har opplevd ei stor gjevarglede hos dei lokale gjevarane. Stor var også interessa for å kjøpe lodd i Adventlotteriet, noko som skaffa Todalen I.L.s trimgruppe eit loddsal på overkant av 28.000 kroner – som er ein flott innsats. Vinnar denne veka Sidsel Ramsøy på To av gevinstane – ho vart den heldige vinnar av ein heimestrikka buff og eit par Selbuvottar i barnestørrelse. Når det gjeld den tredje gevinsten som er ein bilde/kunstverk….
Onsdag kveld vart den nye massasjestolen på Hett & Svett sett på plass og er no klar for bruk. Dette er eit tilbod som har vore sterkt sakna ein periode, men no er altså heilt ny stol på plass. Stolen er levert av Sparmax.
Da har vi opna luke nr 15 på Trimgruppas adventkalender for 2022. Bak luka har var det også to gevinstar som er klare for å få ein ny heim. Den første gevinsten er ein hekla duk – handverk av beste klasse – og vunne av Liv Jorunn B. Moe i Bekkerhagan. Gevinst nr 2 fikk også ny eigar …
Ny trekning er klar i adventlotteriet! Denne gonger er det luke nr 14 som vart opna, og der fann vi som vanleg 2 gevinstar som er trekt ut til loddkjøparane som ventar forhåpningsfullt. Den første gevinsten er eit par strikkavottar som vart vunne av Kvennli på Kvennset. Strikkavotta kjem vel med no om dagen når det er kaldvêr. Den andre gevinsten er kanskje litt meir typisk sommarvarte, men absolutt gangleg vare som vi vet at vinnaren vil sette pris på.
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder at Stikk UT! Vinter startar 15. desember! Her er det både skiturar og fotturar. I Todalen er det to vinterturmål, nemleg Tjønnmyran og Toåa tursti. Tjønnmyran er skitur, og Toåa tursti er fottur.