Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2022

Vi fann 95 artiklar i dette arkivet.


Adventlotteri – trettande trekning tysdag 13. desember

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. desember 2022

I dagens trekning i Adventlotteriet var det også 2 gevinstar attafor luke nummer 13.  Den første gevinsten er eit stort glas med julebakst som sjølvsagt er kortreist.  Den heldig vinnar denne gongen er Sissel Vigdis Gravvold.   Dagens andre vinnar er også sikra kaffebrød i innspurten mot jul……   Ein stor pose med kanelsnurrar er dagens […]


Bli med på siste trim i Trudvang før jul

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. desember 2022

Torsdag 15. desember klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til siste trim før jul i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


Innerdalen – eit populært turmål

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. desember 2022

UT.no har publisert den årlege oversikten over kva for  turistforeiningshytter i Norge som er mest besøkt i turguiden UT.no. På femteplass finn vi Kristiansund og Nordmøre (KNT) si hytte i Innderdalen, nemleg Innerdalshytta.


Adventlotteri – tolvte trekning måndag 12. desember

Jon Olav Ørsal Måndag 12. desember 2022

Jammen går det fort unna, vi er alt komne til den 12. desember og vi er halvveis inne i adventstida.  Bak luke nr 12 fann vi også 2 gevinstar, og jammen var det eit ekte Todalsprodukt .  Et glas med todalshonning har fått Lauvås som vinnar i dag.   Gevinst nummer 2 er også kortreist, ei […]


Siste bakeriutsal før jul hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. desember 2022

Fredag 16. desember, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til siste bakeriutsal før jul. Sidan dette er siste bakeriutsal før jul, ønsker Lia gard å gje bort ei julekorg full av god julebakst, til ein heldig vinnar som blir trekt ut blant dei som førehandsbestiller varer til utsalet deira på fredag. 


Perfekte forhold på skeiseisen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. desember 2022

Knut Bergli i Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan melde om perfekte forhold på skeiseisen på Bordholmen stadion no. Det kalde vêret dei siste dagane har gjort at det har vore mogleg å lage is att. 


«Seniorfilmklubben» avsluttar haustsesongen med kinomagi

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. desember 2022

«Cinema Paradiso» er siste film ut i Seniorfilmklubben denne hausten, og blir vist på Surnadal kinoonsdag 14. desember klokka 12:00. Det er ikkje tilfeldig at akkurat denne filmen avsluttar haustsesongen, for få filmopplevingar er meir magiske enn denne italienske oscarvinnaren frå 1988. 



Adventlotteri – ellevte trekning søndag 11. desember

Jon Olav Ørsal Sundag 11. desember 2022

Da er vi klare til å røpe kva som skjuler seg attafor luke nummer 11.  Denne gongen er det også to gevinstar – den eine gevinsten er ein flott trebolle, som det står Bente Mogstad på og dermed så havnar den i Surnadal.  Den andre gevinsten er ein flott gryteklut som nok hamna på Kvennset…. […]


Start 4H selde kornband

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. desember 2022

I dag, mellom klokka 11:00 – 14:00, hadde Start 4H rigga seg til med stand utanfor Matkroken Todalen, der medlemmer frå klubben selde kornband. Vinteren gjorde sitt inntog for nokre dagar sidan, med både snø og kuldegrader, gjorde at salet vart bra. 


Svorka med straumapp

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. desember 2022

Med dyrare straum er gode råd dyre, eller kanskje ikkje? Onsdag 7. desember lanserte Svorka den nye Svorka-appen som gir straumkundane full kontroll over eige straumforbruk. Appen er heilt gratis å laste ned og å bruke, og er tilgjengeleg for alle Svorka sine straumkundar.  


Adventlotteri – tiande trekning laurdag 10. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. desember 2022

Det er stigande spenning i adventlotteriet, for attafor luke nr 10 fann vi to gevinstar – den eine gevinsten er også eit produkt som kjem rett frå naturen, nemleg eit flott hjortsteik.  Dette blir nok prima vare for den heldig vinnaren som er  Elisabet Aas.  Dagens andre vinnar får nye og heimlaga kjøkkenreiskap – laga i einer.