Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H selde kornband

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. desember 2022

I dag, mellom klokka 11:00 – 14:00, hadde Start 4H rigga seg til med stand utanfor Matkroken Todalen, der medlemmer frå klubben selde kornband. Vinteren gjorde sitt inntog for nokre dagar sidan, med både snø og kuldegrader, gjorde at salet vart bra. 

Ivrige selgarar. Foto: B G Ansnes

Siden det var så kaldt, med temperaturar ned mot -14 på gradestokken, så hadde medlemmane vakter på ein time kvar. 

Kundane strøyma til! Foto: R Kvendset

Start 4H nyttar høvet til å takke alle som var innom og kjøpte kornband, og ønsker alle saman ei riktig god jul! 

Vaktskifte. Foto: R Kvendset

Publisert: 10. desember 2022, 16:37