Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2022

Vi fann 93 artiklar i dette arkivet.


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. november 2022

Fredag 11. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helga. Denne gongen kan dei også tilby eit nytt produkt dei ønsker å lansere til jul, nemleg ei konfektkake med mandelbutn, basert på klassikaren Sarah Bernard.


Helgemesser med lys i mørkret

Tekst og foto: Bernt G. Bøe Måndag 7. november 2022

Helgemesse – Allehelgensdag – er ei høgtid med sterke kjensler. Vi følgde presten Torbjørn Brøske til Todalen, Åsskard og Stangvik. Både årstida og ramma om dagen er prega av mørke. Minnet om dei vi har mista, legg vemod og sakn til gudstenestene. Etterlatne var denne gong spesielt inviterte gjestar.


45 år i seniorfilmklubben

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. november 2022

Onsdag 9. november klokka 12:00 inviterer Seniorfilmklubben til ein typisk «skuespelar-film» på Surnadal kino. 45 ÅR er «en aldeles nydelig film om gammel kjærlighet» (NRK) og handlar om eit ektepar som skal feire 45-års-bryllaupsdag sin. Men førebuingane blir skipla når han får eit overraskande brev.


Nikolai Søyset Hopland med sitt først Eliteseriemål

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. november 2022

Nikolai Søyset Hopland (18), som er sonen til Anne Søyset frå Heimstad i Hallsetgrenda, scora sitt første Eliteseriemål i det 64. speleminutt, og vart med det matchvinnar i kveldens kamp mot Lillestrøm på Color Line stadion i Ålesund. Sluttres vart 2 – 1 til Ålesund. 


TIL-basar med godt resultat – no med trekingsliste

Jon Olav Ørsal Sundag 6. november 2022

Søndag ettermiddag var Todalen ungdomshus rigga for TIL-basar, med både basarbord, barnebord, pilkasting og sal av bakels og graut til kaffen.  Den store stemninga er kanskje ikkje til stades på basarane lenger, med disto større er førehandssalet som går føre seg på Matkroken – og sjølvsagt med bruk av Vipps.  Vi bør vel seie at nye tider krev nye løysingar, og godta denne endringa, for til denne basaren kom det inn 21.950 på førehandssalet – medan det totalt kom det inn litt over 30.000.  Så bygdefolket er da rause til å støtte lag og foreningar.  Så får vi berre godta at noko av den gamle «basarstemninga» kjem bort og at dei sosiale treffpunkta blir forandra og skjer på telefon. 


Meir hjortfall i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 6. november 2022

Jaktlaget på sørsida har vore på jakt ved Hauråa – i området mellom Raudåa og Storhaugen, og da ga som resultat ein liten bukk.  Gårdagens jakt ga ein elgkalv som resultat – så det har ikkje vore dei heilt store reasultata denne helga.  Men forrige helg fall det 4 fine dyr for laget, så resultatet er variabelt.


Kamp mot klokka på Dammen Opp…

Jon Olav Ørsal Sundag 6. november 2022

Søndag var det premiere for motbakkeløpet Dammen Opp som Trollheimen Fjellsportklubb arrangerte på Nordvik.  Løypetraseen er nær 3 km lang, og startar ved Nordvik Forsamlingshus og går til enden av Blomlivegen – ved inntaksdammen for kraftanlegget. Det er berre motbakkar heile vegen, og det er rå kraft og kondisjon som skal til for å kome først i mål.  Uoffisielt var rekorden på turen opp dit i overkant av 15 minutt – det store spørsmålet i dag var om denne rekorden kunne halde?


Inviterer til foredrag om demens

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. november 2022

Torsdag 10. november klokka 18.00, på møterommet på Surnadal sjukeheim, inviterer Surnadal demensforening og helselag til foredrag om sjukdommen demens. Da kjem fastlege og spesialist i allmennmedisin, Kari Løvendahl Mogstad og held foredrag om temaet.


Vellukka jaktdag – både hjort og elg

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. november 2022

Talgø og Kårvatn jaktlag fekk full utteljing under jakta i dag – det vart både elgokse, kronhjort og ein spissbukk.  Etterpå vart det travelt med slakting, da kveldsmørkeret nærma seg fort.  Kronhjorten og spissbukken vart skotne i området ved Vassosen i nærleiken av Kokkhuset, medan elgen fall lengre til skogs.  – Den var liggande ved Storfjellstigen, rett utfor Lomtjønna.


«Trimåret 2021/22» – premieutdeling på Idrettslagsbasaren i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. november 2022

Under Idrettslagsbasaren i Todalen ungdomshus, i morgon søndag 6. november klokka 15:00 – 18:00, vil det bli premiering for «Trimåret 2021/22», 1. oktober 2021 – 30. september 2022. Det blir delt ut premie til dei tre med flest innfjekk på turarmåla, til dei som har sjekka inn på alle turmåla, og til nokre tilfeldig uttrekte som har sjekka inn på eit av dei 27 turmåla. 


Astrid Overaa med «mimrestund» i Todalen ungdomshus

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. november 2022

Måndag 7. november klokka 14:00, inviterer Teatret Vårt til «mimrestund» med Astrid Overaa i Todalen ungdomshus. Fordi «Den kulturelle spaserstokken» i Møre og Romsdal fylkeskommune støttar denne «lune stunda» økonomisk, så er til og med  fri inngang!


Bli med på «Dammen opp» søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. november 2022

Søndag 6. november klokka 11:00, inviterer Trollheimen fjellsportklubb til miniløpet «Dammen opp». Dette er eit løp på i underkant av tre kilometer, og går opp Damveien på Nordvik, vegen som går opp dit ein kan køyre for å gå mot Ytre Sula/Nordviksula.