Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka jaktdag – både hjort og elg

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. november 2022

Talgø og Kårvatn jaktlag fekk full utteljing under jakta i dag – det vart både elgokse, kronhjort og ein spissbukk.  Etterpå vart det travelt med slakting, da kveldsmørkeret nærma seg fort.  Kronhjorten og spissbukken vart skotne i området ved Vassosen i nærleiken av Kokkhuset, medan elgen fall lengre til skogs.  – Den var liggande ved Storfjellstigen, rett utfor Lomtjønna.

Stolt skyttar – Ragnar Halle felte denne kronhjorten i dag. Fint og jamnt gevir med 12 takkar. Foto Anita Talgø

Elgen måtte slaktast og parterast på staden, og dette tok litt tid å få organisert, men vi har fått eit bilete frå elgfallet og får kanskje fleire etter kvart.  Da vi var på staden var dei enno eit godt stykke unna oppi lia mot Storfjellstigen.  Dei to hjortane vart frakta til Talgø gård for slakting der.  Kronhjorten var av bra størrelse og hadde fint og jamnt gevir med 12 takkar. 

Det har ikkje vore observert så mykje hjort og elg i år, men i dag kunne laget rapportere heile 6 elgar – 1 tvilingku, og ku og 2 oksar.  Hjortjakta går i år fram til 23. desember, så det kan skje mykje enda på den fronten.

Ola Talgø sikra elgoksen på kvoten – her saman med Even Rodal Haugen og Ragg. Den var liggande så vanskeleg til at den måtte slaktes og partere for frakting til veg.  Foto TK jaktlag

Publisert: 5. november 2022, 17:07