Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på «Dammen opp» søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. november 2022

Søndag 6. november klokka 11:00, inviterer Trollheimen fjellsportklubb til miniløpet «Dammen opp». Dette er eit løp på i underkant av tre kilometer, og går opp Damveien på Nordvik, vegen som går opp dit ein kan køyre for å gå mot Ytre Sula/Nordviksula. 

Dette er eit løp for alle! Både løparar, dei som ønsker å gå. Store og små er velkomne til å delta. 

Det blir tidtaking, så her blir det ei gylden moglegheit for alle til å, enten pushe seg sjølv til ei god tid, eller kose seg opp lia med en Kvikklunsj eller to.

Påmelding og betaling av startkontingent, som er 50,- kroner, skjer ved oppmøte på søndag. Lurt å møte opp i god tid slik at du er klar når startskotet går klokka 11:00!

Vi gleder oss og håper at mange vil bli med!

Publisert: 4. november 2022, 19:22